Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor.
Foto: Sara Sanderud
Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Føredraget om Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.
Foto:
Sara Sanderud
Katrine Sele
Katrine Sele er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. I 2013 gav ho ut biografien "Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen", og har sidan gitt ut "Jølster hotell" (2017), "Einars bok" (2021) og "Menn som nesten elska meg" kom ut i 2025.