Lukk søk
Stadig fleire medlemmer får no tilgang til oppdraga sine på «Mine sider» her på forfattersentrum.no. På «Mine sider» kan du både akseptere oppdrag du blir tilbydd av potensielle oppdragsgivarar, skaffe deg oversikt over framtidige oppdrag og ferdigmelde oppdrag.

Inne på «Mine sider» vil du bli møtt av dette oppsettet. Her får du altså oversikt over kor mykje du har tent på formidling gjennom Norsk Forfattersentrum i år, og oppdraga dine.
Alle oppdrag må først aksepterast (då godtar du honoraret, dato og tidspunkt for oppdraget). Når oppdraget er utført, skal du ferdigmelde oppdraget (laste opp evt. kviteringar osv.).
Tilbod om nye oppdrag ligg i seksjonen «Mine bestillingar» under fana «Pågåande». Ofte vil oppdraget allereie vere avtalt med oppdragsgivar, og det er då berre å akspetere oppdraget.
I dette tilfelle har forfattaren eitt oppdrag som må aksepterast:



2. Når du har akseptert (eller avslått) oppdraget, trykker du på den svarte «SEND»-knappen. Er oppdraget akspetert, vil du få ein pakkseddel/oppdragsskjema på e-post som liknar på dei du er van med:

Ferdigmeldingsprosessen er ny. I staden for å sende pakkseddelen/oppdragsskjemaet til utbetaling@forfattersentrum.no når eit oppdrag er utført, loggar du inn på «Mine sider», og følgjer oppskrifta under. Du får ikkje tilgang til å ferdigmelde eit oppdrag før oppdraget er utført.

I dette tilfelle har forfattaren eitt oppdrag klart til ferdigmelding.
2. Trykk på den svarte knappen «Ferdigmeld» for å få opp dette skjemaet:



Når du har trykka på "Legg til diett", får du opp skjermbildet under. Start med å legg inn perioden du skal ha diett for. Frå dato, og til dato. Avslutt med å trykke "Legg til periode":

I dette oppdraget startar diettperioden klokka 8:00 1. april, og forfattaren har fått overatting, men ingen måltid på avreise dagen:

Vi treng informasjon om alle dagane du skal ha diett for. Fekk du f.eks. overnatting? Fekk du frukost, lunsj og/eller middag? Kryss av det som passar. På første diettdag, fyller du også inn tidspunktet du reiste heimefrå.
Du må trykke på den grøne "Lagre"-knappen for kvar diettdag du har fyllt ut.
Diettperioden varar i dette eksempelet til 3. april klokka 23:00. På avreisedagen har forfattaren naturlegvis ikkje overnatting til neste dag, men har fått frukost og lunsj:

Avslutt diettregistreringa ved å lagre siste diettdag, og trykk på "Neste"-knappen.


Alle fullførte og ferdigmeldte oppdrag, finn du i fana "Arkiv":

Ferdigmelder du på mobil, kan det vere lurt å ta bilde av kviteringar og andre bilag før du loggar inn på «Mine sider». Du vil då enkelt kunne laste opp kviteringar frå kamerarullen din når du skal ferdigmelde eit oppdrag.
Når eit honorar er utbetalt vil du finne utbetalingsslippen din her: https://home.visma.com/home.
Det er også mogleg å laste ned Visma-appen Employee frå app-butikken på mobilen din.
Første gong må du lage ein brukar. For at dei ulike systema skal snakke saman, bruker du samme e-postadresse som på «Mine sider» her på forfattersentrum.no.
Er det lenge sidan du har logga inn og du har gløymt brukarnamnet ditt, er det altså e-postadressa du har registrert hos Norsk Forfattersentrum.
Har du gløymt passordet, legg du inn e-postadressa og trykker «Glemt passord».
Har du eit oppdrag du skal godkjenne eller ferdigmelde og støter på problem, er det betre for helsa di om du ringer oss enn å få panikk. Norsk Forfattersentrum har telefontid på kvardagar 9–15. Telefonnummeret er 21 09 57 00. Du kan også sende e-post til norsk@forfattersentrum.no.