Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
4. februar 2006 blei Norges ambassade i Syria brent ned av rasande demonstrantar. To dagar seinare skaut norske soldatar mot ei truande folkemengd i Afghanistan. Demonstrantane hevda at dei protesterte mot karikaturar av profeten Muhammed. Men er det sant at uroa skyldtest såra religiøse kjensler utløyst av nokre teikningar i eit land langt borte?
Foto: John Trygve Tollefsen
Gravejournalist og forfattar Odd Isungset har fått tilgang til fortruleg kommunikasjon mellom Utanriksdepartementet og dei norske ambassadane da krisa råka, og fortel om maktspelet bak karikaturstriden. Han viser korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden for å sikre eiga makt.
I sitt mulitimedia-fordrag viser han ei rekke klipp frå norske og internasjonale dokumentarar og reportasjar. Han kombinerer dette med opplesing frå boka, og med bilde og faksimiler som viser korleis ei gruppe danske imamar nytta falsk dokumentasjon i sin kampanje mot Danmark og Jyllands-Posten. Han viser også fortrulege dokument som dokumenterer at syriske styremakter visste om opprøret som førte til at den danske og norske ambassaden brann ned til grunnen.
Foredraget gir oss ei ny forståing av saka, og av kven som hadde ansvaret for at situasjonen kom ut av kontroll for 20 år sidan. Vi får også ny innsikt i kor hardt pressa utanriksminister Jonas Gahr Støre og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk var under striden.
Foto:
John Trygve Tollefsen
Odd Isungset
Odd Isungset er forfatter og journalist. Han har vært redaktør for TV-programmene Brennpunkt og Dokument 2, og har laget over 30 TV-dokumentarer. Som forfatter har han spesialisert seg på å granske hva politiet og politikerne gjorde, og kanskje mest ikke gjorde etter drapsforsøket på William Nygaard i 1993. Isungset har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnør og SKUP-diplom for sitt arbeid med denne saken, og det er hans fortjeneste at etterforskningen ble gjenopptatt. Han var leder i PFU fra 2004 til 2010 der han blant annet var med på å frikjenne Magazinet da avisa ble klaget inn for publiseringa av Muhammed-karikaturene. Dette er noe av utgangspunktet for hans arbeid med boka "Dei fordømte karikaturane" som kom ut høsten 2025.