Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Korleis er det å leve i krig? Ved hjelp av foto, lydeffektar, opplesing og enkle skriveoppgåver kjem vi tett på korleis det er å vere ung og leve i frykt for at byen din, øya di og huset ditt skal bli bomba.
Foto: Hugo Opdal
Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sett i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kva krig var. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også.
Jorun er 12 år då krigen startar. Bombeflya flyg over flaggstonga og familien spring for livet morgonen 9. april 1940. Familien må evakuerast, men kan etter nokre veker flytte heim igjen. Kvardagslivet kjem sakte tilbake våren 1940, men livet på ferieidyllen Lindøya i Oslofjorden vert aldri det same. Frå kjøkkenvindauget er Jorun tilskodar til sentrale sider ved norsk okkupasjonshistorie frå 1940-1945. Donau som seglar ut gjennom Oslofjorden med dei norske jødane, bombinga av Gestapokvarteret Victoria Terrasse og eksplosjonen på Filipstadkaia som får heile huset på Lindøya til å riste. På rommet til Jorun er det heller ikkje trygt. Tidleg ein morgon stormar SS-soldatar soverommet på jakt etter sabotøren Max Manus.
Passar for mellomtrinn og ungdomsskule, ca 45 min.
Produsent: Ingunn Røyset / Nina Elisabeth Bøe i samarbeid med Seanse - senter for kunstproduksjon.
Foto:
Hugo Opdal
Ingunn Røyset
Ingunn Røyset har bachelor i sosialt arbeid og er utdanna innan kunsthistorie, men har jobba som journalist, stylist og budeie. Denne mangslungne bakgrunnen er grunnlaget for forfatterskapen til barne- og ungdomsbokforfattaren, som debuterte i 2012 med biletboka Prins Storm. Ingunn er mest kjend for bøkene om andre verdskrigen. I to romanar og ei sakprosabok tek ho for seg korleis det er for barn og unge å leve i krig. I romanen Perfekt (2022) er tema psykisk helse. Boka for mellomtrinnet har fokus på angst og korleis takle det å vere redd.
Ingunn bur på Flø, heilt ute i havgapet, i Møre og Romsdal.