Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Skattekista til mormor har kome ned frå mørkeloftet. Der har ho minna sine frå krigen. Vi blir med Dagny tilbake i tid, til bombesplintar som haglar, tyske soldatar som marsjerer og russefangar med store svoltne auge.
Foto: Hugo Opdal
Den 10 år gamle hovudpersonen i Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen rotar seg inn i mormora sin nattkjole og tilbake til andre verdskrigen.
Produksjonen bygger på bøkene om Dagny, tiåringen av i dag, som slit fordi ho ikkje får sjokoladepålegg på skiva så ofte ho vil. Når ho på merkeleg vis endar opp i mormora sin barndom får ho heilt andre problem å stri med. Det klør og det smakar vondt. Alt er så mørkt og, viser det seg, veldig, veldig farleg. Dagny blir stand-in i mormora sitt liv nokre dramatiske veker den siste krigsvinteren i Noreg. Jakta på sjokolade gjer at ho hamnar midt i motstandskampen. Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og oppfølgjaren Aldri fred å få bygger på verkelege hendingar frå Englandsfarten under krigen, og tek både Dagny, og oss, med til okkupasjonsåra 1940-1945.
Forfattaren les og fortel frå boka og hentar fram hemmelege skattar frå kista. Ein liten bombesplint som har gjort stor skade. Og ei boks som ikkje har blitt opna sidan krigen.
Foto:
Hugo Opdal
Ingunn Røyset
Ingunn Røyset har bachelor i sosialt arbeid og er utdanna innan kunsthistorie, men har jobba som journalist, stylist og budeie. Denne mangslungne bakgrunnen er grunnlaget for forfatterskapen til barne- og ungdomsbokforfattaren, som debuterte i 2012 med biletboka Prins Storm. Ingunn er mest kjend for bøkene om andre verdskrigen. I to romanar og ei sakprosabok tek ho for seg korleis det er for barn og unge å leve i krig. I romanen Perfekt (2022) er tema psykisk helse. Boka for mellomtrinnet har fokus på angst og korleis takle det å vere redd.
Ingunn bur på Flø, heilt ute i havgapet, i Møre og Romsdal.