Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Kvinner som går, kvinner som blir, kvinner som skriv
Hilde K. Kvalvaag og Eli Fossdal Vaage er begge aktuelle med nye romanar våren 2026. Dei har fleire fellestrekk, både i skrift og liv. Begge er strilar med røtene djupt planta på Vestlandet, og begge skriv fram utprega kvinnelege erfaringar i romanane sine.
Foto: Hilde K Kvalvåg - Tove Breistein, Eli Fossdal Vaage - Linn Heidi Stokkedal
Dei les og fortel frå årets bøker og prate med kvarandre om makt og omsorg, livslange vennskap, demens og kjærleik, om kvinner som blir verande og kvinner som går - og ikkje minst, om å insistere på å gje eit språk til kvinnelege erfaringar som ofte ikkje blir sett på som allmenne eller høgverdige nok for litteraturen, og korleis det er å komme frå små utkantar og ha eit ønskje om nettopp å vere kvinner som skriv.
Foto:
Tove Breistein
Hilde Kvalvaag
Aktuell med "Kvinner som går":
"Kvinner som går" er ein roman om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv.
Tre venninner går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år.
Vi følger dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.
Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv?
Hilde K. Kvalvaag har skrive ein roman om korleis kvinner handterer relasjonar til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong, og om gleda i det å gå. Dei er kvinner som går, men aldri frå kvarandre.
"Ein gong då eg var barn, slo eg til ein vaksen mann. Han var ikkje ein slik fyr ein slo til, eg var ikkje ei slik som slo, og så slo eg til han, med flat hand over fjeset, slik eg hadde sett damer gjera på gamle filmar, i såpeseriar, med handflata, hardt, eg heldt ikkje tilbake."
Slik opnar Dei vaksne, der minnet om slaget den gongen ho var ei lita jente set i gong ei rekkje rørsler. Anette reiser heim for å gå på gjenforeiningsfest med klassen frå ungdomsskulen. Ho har slutta i jobben og slått opp med sambuaren, og i dagane fram mot festen skal ho bu hos Betzy, ein gammal nabo som ein gong var som ei mor for henne. Gjensynet med heimbygda vert eit brutalt møte med ei fortid som er like umogleg å hanskast