Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Rekk opp handa den som har ein hemmelegheit? Slik startar møtet med tolv år gamle Pia som har ein hemmelegheit, men ingen å dele den med.
Bokomslag: VigmostadBjørke
Pia har nettopp begynt på ungdomsskulen og, nei, det er ikkje håret som er løyndomen. Den frisyren kan alle sjå er sjukt mislykka. Hemmelegheita er heller ikkje at Pia er utan venner. Det ser alle når ho traskar rundt i friminuttet. At Pia er forelska i Leo, den kulaste guten i klassa, er heller ingen hemmelegheit. Shit! Det er sant! Det ER heilt hemmeleg! Gløym at eg sa det!
Å ha ein løyndom er ikkje Pia aleine om. Heller ikkje å vere redd. Pia oppdagar at det er mange måtar å vere redd på. Hennar måte heiter angst. Det er det ho ikkje kan fortelje til nokon.
Pappa forstår ingenting og mamma er bortreist. Og Nathalie, den einaste veninna, er berre opptatt av juleballet. Korleis skal Pia få redsla til å forsvinne når ho ikkje har nokon å dele det med og i tillegg må opp på scena og framføre Perfect saman med dei to kulaste i klassa?
Redninga til Pia kjem frå heilt uventa hald.
Produksjonen inneheld utsnitt frå boka, lest av forfattaren, og opnar for dialog med elevane.
Bilete- og lyddesign utforma ved DKS Littlab 2025
Foto:
Hugo Opdal
Ingunn Røyset
Ingunn Røyset har bachelor i sosialt arbeid og er utdanna innan kunsthistorie, men har jobba som journalist, stylist og budeie. Denne mangslungne bakgrunnen er grunnlaget for forfatterskapen til barne- og ungdomsbokforfattaren, som debuterte i 2012 med biletboka Prins Storm. Ingunn er mest kjend for bøkene om andre verdskrigen. I to romanar og ei sakprosabok tek ho for seg korleis det er for barn og unge å leve i krig. I romanen Perfekt (2022) er tema psykisk helse. Boka for mellomtrinnet har fokus på angst og korleis takle det å vere redd.
Ingunn bur på Flø, heilt ute i havgapet, i Møre og Romsdal.