Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
I denne boka tek Fonneland lesaren med inn i eit vakkert landskap, for mange kjent som den biletskjønne nasjonalromantikkens tablå: plommer, bløming og turisme.
Foto: Kvinnheringen
Me får vere med på pleie av epletre og høyre om fellesskap knytt til trea. Trea har sett djupe spor i kultur og arbeidsliv, i handverk, mytar og diktekunst. Dette er ei bok om denne kulturen med sine mangfaldige sjikt av meining og levd liv, personlege minner, sansingar og opplevingar, kombinert med nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker.
Fonneland minner om at Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre inngjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid. Ho skildrar korleis det å ha eit nært forhold til, og omtanke for naturen, er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ikkje berre ser på naturen, men er sjølv del av den. Økosystemet me inngår i, er truga. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.
Dette er ei forteljing om naturtap, klimaendringar knytt til forfattaren Olav H. Hauge sine dagbøker. Anne Karin Fonneland presenterer m.a sitat frå Hauge som synte uro for framtida. Olav H. Hauge kunne mykje om dyrking og såg korleis menneska taper innsikt om naturen sin verdi. Hauge synte innleving og respekt for naturen kring seg. Han kunne gjerne samanlikna eit lidande tre med eit lidande menneske. Den sårbare naturen og det sansande mennesket er sterkt tilstades i Hauge si dikting. Fonneland les også dikt av Olav H. Hauge.
Fonneland nyttar powerpoint/ bilete og fortel om endringar i vestlandsnaturen, smelting av Folgefonna m.m
Foto:
Kvinnheringen
Anne Karin Fonneland
Anne Karin Fonneland er ein norsk forfattar frå Sunde i Sunnhordland. Ho skriv prosa, lyrikk og sakprosa. Fonneland er medlem i Den Norske Forfatterforening og i NFFO.
Ho debuterte i 1996 med diktsamlinga Marmormjølk, og har sidan skrive fleire diktsamlingar, romanar og barnelitteratur. Fonneland har studert psykologi, sosiologi, litteraturvitskap og pedagogikk. Ho har hatt arbeid som lærar ved Kvinnherad Vidaregåande skule der ho har undervist i norsk og samfunnsfag.