Festspeldiktar
2024

Trude Marstein

I bok etter bok utforskar Marstein vilkåra for omsorg og kjærleik med kompromisslaus presisjon og detaljinnsikt. Vanlege menneske blir skildra med stilistisk briljans. Forfattarskapen hennar er ei stor bragd.

Foto: Julie Pike

Årets festspeldiktar fekk stor merksemd og Tarjei Vesaas’ debutantpris då ho kom med den oppsiktsvekkjande prosasamlinga Sterk sult, plutselig kvalme i 1998. 25 år og ni bøker seinare, kan ein lese den slåande tittelen på debutboka som eit motto for heile forfattarskapet hennar. I bok etter bok utforskar ho med kompromisslaus presisjon og detaljinnsikt vilkåra for omsorg og kjærleik, i ei tid der ubalansen mellom sterkt begjær og mental distanse ser ut til å skape ei intens og evigvarande uro.

Trude Marstein blei fødd i 1973 og vaks opp i Tønsberg, ho har gitt ut ei rekke romanar, essay og ei barnebok. Marstein har i tillegg omsett ei rekke andre samtidige forfattarskap til norsk frå svensk og dansk.

Opnar ei dør til det hjarteskjerande

Tittelen på den store gjennombrotsromanen, Plutselig høre noen åpne en dør, er foruroligande, og som alle Marsteins romanar er det eit ubehageleg rom vi opnar døra til. Her bur den kvinnelege hovudpersonen åleine med dottera si på fire år, men den store morskjærleiken utan atterhald, må ein leite etter i andre sine bøker. Som vi også ser i seinare romanar av Marstein, avgrensar og innskrenkar barnet livet til den vaksne, forstyrrar og avbryt arbeidet, grisar og rotar, hyler og skrik, og alltid kjem det i vegen for begjæret. Brutaliteten i maktforholdet mellom barn og vaksen er ofte hjarteskjerande – og smerteleg gjenkjenneleg – skildra.

Marsteins metode

Med beina godt planta i den realistiske romantradisjonen har Marstein så å seie utvikla sin eigen metode for å avdekke avstanden mellom livet slik vi drøymer og lengtar etter at det skal vere – og livet slik det er i alle sine tarvelege trivialitetar, drifter og kjensler. Og spørsmålet som alltid ligg under er, for å bruke ein annan av Marsteins strålande romantitlar: Korleis gjere godt? Og samtidig krevje sin rett, ta plassen sin, vere i arbeid, vere nyttig, vere lykkeleg, kjenne begjær?

Marstein har gjennom heile sitt forfattarskap bora djupt i denne materien, men med svært ulike tilnærmingar. I Gjøre godt tar Marstein kollektivromanen til eit nytt nivå når ho i løpet av ein sommarkveld lar 118 personar komme til orde, og viser såleis korleis vi verkar inn i kvarandre sine liv i stort og smått. I Så mye hadde jeg utforskar ho det menneskelege gjennom livsvala til den snart 60 år gamle Monika, som vi møter i alle livets fasar frå ho er 13 år. Tittelen peikar på den kjente barneregla der du tar ein neve småstein – så mye hadde jeg – kastar småsteinen i lufta og ser kor mykje du sit igjen med. Som regel veldig lite, og som regel er det heilt vilkårleg kva for nokre steinar du sit igjen med.

Det er ofte ei grunnleggjande fortviling i Marsteins romanar. I små augneblinkar finst lykke og lidenskap og ømheit, men alt glepp. Er det i det heile tatt mogleg å halde fast, bli verande, høyre til? Anja seier det slik i Egne barn:

Det var den gongongen som slo løs i kroppen og hodet: alene, alene, alene, en ensomhet som strakte seg ut i tid og rom, jeg trodde hver gang den følelsen var evigvarende.

Men i romanen Ingenting å angre på, i seng med elskaren sin, finn den utru Heidi for ein augneblink ut av den evigvarande einsemda:

Det er noe med måten du tar av deg klokken på, Mikkel», sa Heidi. «At du tar den av deg. For å tre ut av tiden! Ikke sant?

Vanlege menneske skildra med stilistisk briljans

Trude Marstein får mykje ut av lite, som ho sjølv seier det. Det er ingen dramatiske hendingar eller eksentriske karakterar i bøkene hennar. Det er i skildringa av vanlege menneske og kvardagens detaljar, kjensler og små maktspel, at Marstein viser sin stilistiske briljans. Karakterane ser og ser og ser kvarandre, men dei ser ofte feil, misforstår og feiltolkar. Visst kan middelklassen vere utmattande i alt sitt sjølvmedvit og sine sjølvopptatte grubleri. Dei kan takke seg sjølv, tenker ein gjerne når ein les, men kan dei eigentleg det?

Marstein skriv med innleving og stor empati, og det er synd på menneska i universet hennar. I brå kast mellom sterk svolt og plutseleg kvalme, er vi i grunnen nokså hjelpelause. Og dette lærer vi av å lese Marstein sine romanar: Det hjelper lite å pirke og grave i alt som er skrøpeleg og feil og stygt i dei korte liva vi lever. Det beste vi kan håpe på – er å sjå stort på det. Slik Anja gjer, etter ei selsam helg på dugnad med den nye storfamilien for å male torpet. Med eksar og nye kjærastar, mine og dine barn, barns nye kjæraste, ein hund og fandens oldemor er det duka for små og store oppvaskar, harde skuldingar, passiv-aggressive og aggressive utspel, mødreopprør og mødreoppgjør. Men når huset er ferdig måla, står det der, så raudt og fint, lada med alt som har vore og er, då kan «Alt annet (...) holdes ut og takles i lys av det. Et oppdrag er utført. En felles bragd».

Trude Marstein har utført ei stor bragd med sitt markante forfattarskap. For kvar bok stadfestar ho og styrkar posisjonen sin som ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur.

Vi gratulerer Trude Marstein som årets festspeldiktar!

Arbeidsutvalet ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet

Marit Eikemo

Festspeldiktarane

1988

Olav H. Hauge

1989

1990

Kjell Askildsen

1991

Cecilie Løveid

1992

Einar Økland

1993

Agnar Mykles forfattarskap

1994

Eldrid Lunden

1995

Georg Johannesen

1996

Herbjørg Wassmo

1997

Jostein Gaarder

1998

Kolbein Falkeid

1999

Gro Dahle

2000

Kjartan Fløgstad

2001

Lars Amund Vaage

2002

Jan Erik Vold

2003

Dag Solstad

2004

Erna Osland

2005

Jon Fosse

2006

Ingvar Ambjørnsen

2007

Tone Hødnebø

2008

Ragnar Hovland

2009

Per Petterson

2010

Hanne Ørstavik

2011

Tomas Espedal

2012

Lars Saabye Christensen

2013

Inger Elisabeth Hansen

2014

Frode Grytten

2015

Øyvind Rimbereid

2016

Gunnar Staalesen

2017

Vigdis Hjorth

2018

Edvard Hoem

2019

Brit Bildøen

2021

Tormod Haugland

2022

Linn Ullmann

2023

Steffen Kverneland

2024

Trude Marstein

Kontakt

Sissel Kristensen

Har du spørsmål om Dei litterære festspela?

Sissel Kristensen