Festspeldiktar
2014

Frode Grytten

Under finner du arbeidsutvalgets begrunnelse for å velge Frode Grytten til festspilldikter i 2014.

Program De Litterære Festspill 2014 med Frode Grytten på framsida.

Ka e det med Frode Grytten?

«Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?»

Med dette sitatet frå Arvid Bryne i Dagbladet, presenterer Litteratursymposiet i Odda seg sjølv. Litteraturfestivalen spring ut frå Frode Gryttens forfattarskap.  Han dikta Odda inn i litteraturhistoria i 1999 med romanen Bikubesong. Alle historiene i boka hadde rot i den karakteristiske Murboligen, som ligg midt i Odda sentrum. Romanen plasserte Odda på kartet med eit kraftig raudt merke rundt, og tematiserte samstundes Noreg som eit falmande industrisamfunn. Karakterane og relasjonane i boka engasjerte eit stort publikum, og boka blei omsett til ei rekke språk og omforma til ei storslått teaterframsyning som blei vist og bejubla og vist igjen på Det Norske Teatret i Oslo og i Lindehuset i Odda.

Ka e det med Bikubesong?

Då boka kom ut i 1999, var smelteverket framleis i drift. No har det vore nedlagt i over ti år, og lokalsamfunnet diskuterer så busta fyk kva dei skal gjere med ruinane av den store fabrikken. Under Litteratursymposiet kan Frode Grytten likevel framleis vise publikum rundt på alle stadene romanen omtaler. Det Norske Teatret kunne sette opp ønskereprise av teaterversjonen så seint som i 2013, med ny kritikerjubel og med så stor tilstrøyming av publikum at det blei ekstraframsyningar. Bikubesong har blitt ein moderne klassikar, eit verk for litteraturhistoria og eit viktig referansepunkt for historiebøker om Noreg.

Så lenge etter er det pussig å tenke på korleis få hadde høyrt om Frode Grytten då han tok imot Brageprisen og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Bikubesong i 1999. Han debuterte alt i 1983 med diktsamlinga Start, og gav ut fleire novellesamlingar på 80- og 90-talet, samstundes som han jobba som journalist i Bergens Tidende. Kva som kom etter Bikubesong, veit dei fleste meir om. Dei siste åra har Frode Grytten markert seg på ei rekke ulike område – først og fremst som forfattar med novellesamlingar som Popsongar og Rom i byen og romanane Flytande bjørn, Saganatt og Brenn huset ned, men også som humorist, som kunstkjennar og som musikkentusiast. Han formidlar sine interesser og kunnskapar gjennom både skjønnlitteratur og essays, og ikkje minst på scena med parodiar, sjølvutvikla humoristiske karakterar og litterærmusikalske prosjekt. Det er stor formidlingsglede i desse sideprosjekta, som også er kjenneteikna av høg kvalitet og seriøse samarbeidspartnarar. Barnebøkene til Grytten lever også i beste velgåande, skapt i samarbeid med biletkunstnarar og formidla i samarbeid med musikarar når dei også ut til eit stort publikum av både barn og vaksne.

Frode Grytten er raus og inkluderande, men kan også seie tydeleg ifrå, om det no er late journalistar eller uvitande politikarar som har blamert seg. Han har ein skarp penn og det svir når han rammar. «Eg er mot biografiar, det er se og hør for intellektuelle» sa han i ei forfattarforelesing i 2008, og gav med dette sitt spissformulerte bidrag til ein debatt som framleis er aktuell.

Frode Gryttens stil er umiskjenneleg. Skjønnlitteraturen hans er inderleg og manande, men har også humor, skarpe karakteristikkar og kraftig klo. Han kjem stadig tilbake til industristaden Odda, men tekstane hans er først og fremst portett av menneske og relasjonar. Frode Grytten skriv om den vanskelege kjærleiken, anten det gjeld ein kjærast, omsorgsperson, ein plass eller eit band.

Han sluttar heller aldri å utfordre seg sjølv. 14. desember 2011 skreiv han sin første tweet. «Grunna for mykje underkjølt regn over ein lengre periode har mann (57) valt å avslutte sitt engasjement på denne kloden.» Då Frode Grytten avslutta sitt engasjement på twitter 4. juni 2013, hadde han skrive 568 liknande mininoveller til 29 536 følgjarar.

Ka e det med Frode Grytten?

Frode Grytten er ein forfattar som bidrar. Han er ein forfattar som blir lest. Han er ein forfattar som blir kritikerrost. Han er ein forfattar som det blir skrive særemne om. Han er ein forfattar som vil bli hugsa.

Her finn du programmet til De Litterære Festspill i 2014!

Festspeldiktarane

1988

Olav H. Hauge

1989

1990

Kjell Askildsen

1991

Cecilie Løveid

1992

Einar Økland

1993

Agnar Mykles forfattarskap

1994

Eldrid Lunden

1995

Georg Johannesen

1996

Herbjørg Wassmo

1997

Jostein Gaarder

1998

Kolbein Falkeid

1999

Gro Dahle

2000

Kjartan Fløgstad

2001

Lars Amund Vaage

2002

Jan Erik Vold

2003

Dag Solstad

2004

Erna Osland

2005

Jon Fosse

2006

Ingvar Ambjørnsen

2007

Tone Hødnebø

2008

Ragnar Hovland

2009

Per Petterson

2010

Hanne Ørstavik

2011

Tomas Espedal

2012

Lars Saabye Christensen

2013

Inger Elisabeth Hansen

2014

Frode Grytten

2015

Øyvind Rimbereid

2016

Gunnar Staalesen

2017

Vigdis Hjorth

2018

Edvard Hoem

2019

Brit Bildøen

2021

Tormod Haugland

2022

Linn Ullmann

2023

Steffen Kverneland

2024

Trude Marstein

Kontakt

Sissel Kristensen

Har du spørsmål om Dei litterære festspela?

Sissel Kristensen