Festspeldiktar
2015

Øyvind Rimbereid

Under finner du arbeidsutvalgets begrunnelse for å velge Øyvind Rimbereid til festspilldikter i 2015.

Reklamebanner for De Litterære Festspill 2015

Ei trådreise er ei assosiasjonsrekke som blir til når ein beveger seg rundt på ein stad, lar seg trigge av observasjonar og minner, deler kunnskap og bilete, skapar ein samanheng, følgjer ein tråd. Er ei «trådreise» eit essay? Eller er det eit dikt? Trådreiser er namnet på Øyvind Rimbereids femte bok og andre diktsamling, utgitt i 2001, men det kunne vore namnet på fleire av dei andre diktsamlingane hans, eller på essaysamlinga frå 2006, Hvorfor ensomt leve? Kva for ein av dei to sjangrane har størst potensiale for å setje dagsorden, endre verda, bli tatt på alvor?

I eit essay om Georg Johannesens poesi og essayistikk, viser Rimbereid til at Johannesen var misnøgd med at han med sine dikt ikkje blei tatt nok på alvor som ein sakleg meiningsberar i si tid, og Rimbereid spør i essayet om poesien eksisterer berre som omsorg – «som en poetisk minimumsomsorg for verdens vindskeive kropper?»

I 2000 skreiv Øyvind Rimbereid om Stavanger i diktsamlinga Seine topografiar. Byen som har alt den treng, og som står og ventar på korleis forvandlinga skal kome til uttrykk, etter at Jesus «sklei i oljå». Både byen Stavanger og det å forstå si samtid er tilbakevendande motiv for Øyvind Rimbereids poesi og essayistikk. Korleis skal vi forstå oss sjølve i dag, med ein slik rikdom som så tydeleg har vist seg i oljebyen Stavanger?

Ein annan tråd å nøste i, er Rimbereids refleksjonar kring å høyre til i eit samfunn. Er det mogeleg å velje isolasjon? «Den døde har ingen ord. Ikke engang for sitt ingenting,» skriv han i essaysamlinga Hvorfor ensomt leve? Dyr kan heller ikkje sjå seg sjølv utanfrå, og når vi møter robotar i Solaris Korrigert, får vi høyre at dei er frie.

«DA dei lucki er.

ONLI dei veit det ne …»

Ein romantisk idé om å isolere seg frå samfunnstilhøyrsle og –ansvar, kan aldri bli det same som dyr og robotars uvitande eksistens. Rimbereid viser i skrifta si at medverknad til samfunnet er viktig for å oppretthalde humanisme, medverknad både som omsorg på individnivå, som fysisk og intellektuelt arbeid og som bidrag til vår felles oppfatting av kven vi er og skal vere som menneske.

Diktsamlingane til Øyvind Rimbereid er demonstrasjonar av at tankar og refleksjonar høyrer heime i poesien, stadbunde med namn, dialekt og konstruerte fortids- og framtidsspråk. Rimbereid er den einaste samtidsforfattaren som fekk eitt av sine verk med på lista over dei 25 viktigaste bøkene i norsk historie. Han har ei rekke nominasjonar og prisar, og er den einaste poeten som har fått den høgthengande Kritikerprisen to gongar. Tekstane hans har følgt trådar ut av sitt eige format, mellom anna inn i Nathionalteaterets oppsetting av Solaris Korrigert i 2010 og samarbeid med Xploding plastix om eit musikalsk uttrykk til same diktsamling.

Ein annan tråd å følgje er Øyvind Rimbereid sitt litterære arbeid med unge skrivetalent. Han var lærar og undervisningsleiar på Skrivekunstakademiet i Hordaland i ei årrekkje, der han losa ei rekke unge skribentar på litterær veg. Frå nokre av desse er det lett å nøste trådar tilbake til Øyvind Rimbereid som inspirasjonskjelde.

I dag bur Øyvind Rimbereid i Stavanger. Det er ei stor glede å invitere han tilbake til Bergen, no som Festspeldiktar.

Her kan du laste ned programmet til De Litterære Festspill 2015!

Festspeldiktarane

1988

Olav H. Hauge

1989

1990

Kjell Askildsen

1991

Cecilie Løveid

1992

Einar Økland

1993

Agnar Mykles forfattarskap

1994

Eldrid Lunden

1995

Georg Johannesen

1996

Herbjørg Wassmo

1997

Jostein Gaarder

1998

Kolbein Falkeid

1999

Gro Dahle

2000

Kjartan Fløgstad

2001

Lars Amund Vaage

2002

Jan Erik Vold

2003

Dag Solstad

2004

Erna Osland

2005

Jon Fosse

2006

Ingvar Ambjørnsen

2007

Tone Hødnebø

2008

Ragnar Hovland

2009

Per Petterson

2010

Hanne Ørstavik

2011

Tomas Espedal

2012

Lars Saabye Christensen

2013

Inger Elisabeth Hansen

2014

Frode Grytten

2015

Øyvind Rimbereid

2016

Gunnar Staalesen

2017

Vigdis Hjorth

2018

Edvard Hoem

2019

Brit Bildøen

2021

Tormod Haugland

2022

Linn Ullmann

2023

Steffen Kverneland

2024

Trude Marstein

Kontakt

Sissel Kristensen

Har du spørsmål om Dei litterære festspela?

Sissel Kristensen