Lukk søk
På denne sida har vi samla dei 97 arrangementa, med dei til saman XXX arrangementspostane, Norsk Forfattersentrum gjennomførte i 2025.

Norsk Forfattersentrum feira grunnleggar Einar Økland på Litteraturhuset i Oslo i mars 2025. Foto: Epen Gees

Kjartan Fløgstad i Tromsø i januar 2025. Foto: Knut Åserud

Norsk Forfattersentrum arrangerte to store bransjeseminar døypt BLU i 2025. Først ein pilot i Bergen der Simone Stibbe frå Skald forlag (med mikrofon) blant anna deltok i ein panelsamtale om dei tradisjonelle forlaga si rolle i framtida med professor Frode Helmich Pedersen og forfattar Marjam Idriss (t.h.).

Sigbjørn Skåden på Litteraten i Tromsø i mars 2025. Foto: Chrstina Pernille Årst

På årsmøtet i april fekk Martin Sørhaug Norsk Forfattersentrums poesipris Wergelands åre "for sitt utrettelige engasjement og arbeid som både arrangør og forlagsredaktør". Sørhaug vart intervjua av Ingvild Solstad-Nøis. Foto: Espen Gees

Festspel i Bergen: Karl Ove Knausgård i samtale med ven og festspeldiktar Tore Renberg. Foto: Eva Lene Gilje Østensen


KOMMA 2025: Forfattar og musikar Heidi Marie Vestrheim presenterer produksjonen sin basert på boka Jenny Fender for potensielle oppdragsgivarar på Lillehammer. Norsk Forfattersentrum er medarrangør for visningsarenaen som går av stabelen i forkant av Norsk litteraturfestival kvart år. Foto: Trine Ruud Grønningen, Kulturtanken

Marte Huke les på Midt-Norge-kontoret sin hagefest i Adrianstua i Trondheim. Foto: Siri Aurland Bredesen

Johan Harstad i Tromsø. Scenesamltalen med Therese Bakkevoll var ein del av ein miniturné Harstad hadde i landsdelen. Foto: Christina Pernille Årst.

Kollasj: Cornelius Jakhelln ogIda Gilbert på Norsk Forfattersentrum Sørlandets Lesefest i Kristiansand. Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Frode Grytten på BANG! Barneprogrammet til Ordkalotten i Tromsø. Foto: Christina Pernille Årst

Anker Eysajan presenterer debutboka Ein måne i magen - og andre dikt Norsk Forfattersentrums debutanttreff i desember 2025. Foto: Espen Gees