Mellom sjangrar - Annette Kierulf om Modern Nature

Velkommen til fjerde utgåve av arrangementsserien "Mellom sjangrar", eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordaland kunstsenter, der kunstnarar og forfattarar blir inviterte til å presentere sjølvvalde litterære verk som ikkje så lett let seg sjangerdefinere.

Mellom sjangrar - Annette Kierulf om Modern Nature

Foto: Privat

Torsdag 6. november kjem kunstnar Annette Kierulf til Hordaland kunstsenter. Annette vil snakke om kvifor kunstnerdagboka er eit vikteg format for henne, gjennom å presentere boka Modern Nature, The Journals of Derek Jarman, 1989 - 1990.

Derek Jarman var ein britisk målar, filmskapar, kostymedesignar, poet og aktivist for homofiles rettigheter. Dagboka startar når Jarman har vore HIV-postiv i tre år, og har flytta til ei hytte på kysten av Kent, der han mot alle odds lagar ein hage på den karrige stranda. Boka er både ei hagedagbok, ei sjukdomsdagbok og ein refleksjon over Jarman sitt eiget liv og kunstnarskap.

Arrangementet vil føregå på norsk.

Når: Torsdag 6. november, kl.19.00

Kvar: Hordaland kunstsenter, Klosteret 17

Gratis inngang

Annette Kierulf (f. 1964) er ein billedkunstnar busett i Bergen og Bøvågen, som jobbar med teikning, grafikk og kunstnarbøker. Ho er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi og har hatt ei lang rekke utstillingar i inn- og utland. Verka hennar er innkjøpt av bland anna British museum, Kode kunstmuseer, Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur, Oslo kommunes kunstsamling, Stortinget, Haugalandmuseet, UiO, UiB og NTNU. I 2025 er ho med på utstillinga "Nordic Noir, works on paper from Edvard Munch to Mamma Andersson" på British Museum. Ho har vore professor i kunst med fordjuping i grafikk på Kunstakademiet i Bergen sidan 2011.

Mellom sjangrar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter, som starta opp seinhausten 2024. Til denne arrangementsserien inviterer me kunstnarar og forfattarar til å presentere litterære verk som er vanskelege å sjangerdefinere. Gjennom presentasjonar av verk som har hatt betydning for bidragsytarane, anten på eit personleg eller praktisk plan, ønsker me å setje fokus på eksperimentelle litterære uttrykksformer, og kaste lys over korleis ein i fellesskap kan snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane me er vande å forhalda oss til.

Først ut i serien var performancekunstnar, skribent og filosof Carol Stampone, som presenterte Agua Viva av Clarice Lispector. Deretter presenterte filmskapar, kunstnar og forfattar Lene Berg boka Stiløvingar av Raymond Queneau. Siste bidrag var frå Gunnar Wærness, som hadde boka Divine Horsemen: The Living Gods of Haiti av Maya Deren som sitt utgangspunkt.


Serien er støtta av Bergen kommune og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa