Sjukdom, einsemd, vennskap og kjærleik. Fem sterke kandidatar løftar fram nære tema på kortlista til den gjeve litteraturprisen ved NTNU. I år blir prisen delt ut til eit skjønnlitterært verk. Årets nominerte er Ingrid Storholmen, Marte Huke, Fredrik Stellander Larsen, Marte Mittet og Kjersti Synneva Moen.
Les mer om dei nominerte her: Fem sterke i finalen til NTNUs litteraturpris 2025
Vinnaren av NTNUs litteraturpris blir kunngjord 22. oktober. Tildelinga skjer på Litteraturhuset i Trondheim 5. november. Terje Lohndal, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen. Etter tildelinga blir det samtale mellom prisvinnaren og jurymedlem Nora Berg Markussen.
Arrangementet er opent for alle.
Om prisen
NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2025 er det skjønnlitteratur som står for tur.
Sjå oversikt over tidlegare vinnare her: NTNUs litteraturpris
Årets jury
Juryen for NTNUs litteraturpris 2025 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, phd-stipendiat ved NTNU, Marthe Vendela Kant, programkoordinator ved Litteraturhuset i Trondheim og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.