Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Relansering av BLA-podden og opplesningsserien Kort og godt
Då Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, markerte det sjølve kroninga av ein ny gullalder for norsk litteratur. Men kva er det eigentleg som har skapt denne massive suksessen? Kva er dei store stjernene avhengige av for å skinne klart, og kva mistar vi om vi gløymer underskogen av mindre glamorøse forfattarar?
DEL
Gunnar Staalesen og Cecilie Løveid, Foto: Helge Skodvin. Pedro Carmona-Alvarez, Foto: Eva Lene Gilje Østensen. Fredrik Hagen, Foto: Linn Heidi Stokkedal. Tilde Strand Bogen, Foto: Helge Hansen_Montage
I samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Norsk Forfattersentrum Vestlandet inviterer Litteraturavisa BLA med redaktørar Eilif Guldvog Hartvedt Og William Sørensen Mørch til relansering av BLA-podden i Bergen for å snakke om kollektive motkulturelle krefter og litterære miljø i dag og i fortida. Gjestar er poet og historikar Fredrik Hagenog Helle Linderudfrå det skandinaviske tekstfellesskapet SKROT.
Bokhausten er altså i gang og Norsk Forfattersentrum Vestlandet relanserer på si side serien Kort og godt, der Cecilie Løveid, Gunnar Staalesen, Tilde Strand Bogen og Pedro Carmona-Alvarez les eigne tekstar.