Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2025

Norsk Forfattersentrum arrangerer i dag bransjeseminar i forkant av Brageprisen. Seminaret er fulltegnet.

Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2025

Godt humør på BLU i Bergen i februar. Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Tid og stad

Torsdag 20. november kl. 09–15 i Oslo, Cappelen Damm sine lokale i Stortingsgata 28.

Program

Kl. 09.00 | Registrering og kaffi

Kl. 10.00

Frode Grytten: opplesing
Marit Eikemo: velkomen
Trine Skei Grande
: oppspark

Kl. 10.30–11.30

Norsk eller internasjonal bokbransje?

Eit viktig trekk i utviklinga av bokmarknaden er auka internasjonalisering. Kan utanlandske forlag, som kjøper seg inn i den norske bokbransjen, sette den norske boklova under press? Også momsfritaket på bøker er med jamne mellomrom politisk diskutert.  Rundt halvparten av bokomsetninga i Noreg blir i dag kontrollert av svenske og danske eigarar. Kva er farane – og kva er moglegheitene i denne utviklinga?

Innleiar: Tore Slaatta

Tore Slaatta er professor i medievitenskap fra UiO, professor II ved Institutt for arkiv, bibliotek og informasjonsvitenskap (ABI) ved Oslo Storbyuniversitet (OsloMet) og Honorary Research Rellow ved Centre for Cultural Policy Research ved University of Glasgow. Han har særlig kompetanse innen politisk kommunikasjon, mediesosiologi, litteratursosiologi og forskning på norsk og internasjonal kulturpolitikk

Panel:

Tore Slaatta
Trine Skei Grande, direktør i Forleggerforeningen
Alexander Even Henriksen, administrerande direktør i Bonnier
Tuva Ørbeck Sørheim, forlagssjef i Kagge
Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget
Hege Munch Gundersen, administrerende direktør for Kopinor
Ordstyrar: Marit Eikemo, forfattar og prosjektleiar

Kl. 11.30–12.00 | Lunsj

Opplesing: Frode Grytten

Kl. 12.00–13.00
Litterære verdiar i strøymetider

Det fysiske boksalet har minka, og det digitale har auka. Fleire lyttar til litteratur og mange er bekymra for nedgang i leseferdigheiter. Lydbokmarknaden er i sterk internasjonal vekst, og samstundes er det den minst regulerte delen av norsk bokbransje. No går det rykte om at Spotify snart vil tilby svenske lydbøker, noko som vil skjerpe den allereie harde konkurransen ytterlegare og auke faren for kannibalisering.

Står vi overfor eit paradigmeskifte der teknologien er blitt drivkraft for endringane i bransjens rammevilkår? Bidreg lydbøkene til å auke interessa for litteratur – men tømme litteraturen for verdiar?

Kari J. Spjeldnæs innleier

Kari Spjeldnæs er førsteamanuensis og instituttleiar ved Kristiania. Ho disputerte i 2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Digital influence, digital platforms and disconnected presence.

Rundebordsamtale:

Kari J. Spjeldnæs
Ole Werring, direktør i Storytel
Andreas Kumano-Ensby i Fabel Lyd AS
Bjørn Vatne, leiar i Den norske Forfatterforening
Annette Trettebergstuen, tidlegare kulturminister som i si tid bestilte bokloven. Ho er styreleiar i Stiftelsen LESE og for Norsk publikumsutvikling.
Ordstyrar: Bernhard Ellefsen, kulturredaktør i Morgenbladet

Kl. 13.15 | Pause

Kl. 13.30–14.30

See Me, Show Me, SoMe

Kva er dei siste trendane innan KI og digital marknadsføring?

Korleis forheld forlagsbransjen seg til den raske teknologiske utviklinga og nye trendar i marknadsføringsarbeidet? Kva gjer dette med forholdet mellom redaksjonelt arbeid og marknadsføring i forlaga? Korleis blir salsstrategiane til bokhandlarane påverka av populære titlar på SoMe? Og kvar blir det av forfattarane i alt mylderet?

Nina Furu, innleier om dei siste trendane innan KI og digital marknadsføring

Nina Furu er digital marknadsførar og kommunikatør med over 30 års erfaring i norsk nettbransje.

Rundebordsamtale med:

Nina Furu
Helga Flatland, forfattar
Anne Schøitz, direktør i Bokhandlerforeningen
Dorota Grabowska, leiar Studio i Cappelen Damm
Ingvild Christine Herzog, daglig leder, Norsk Forfattersentrum
Ingeborg Volan, direktør Gyldendal litteratur
Ordstyrar: Marit Eikemo, forfattar og prosjektleiar

Kl. 14.30–15.00

Takk for oss

Frode Grytten oppsummerer

Påmelding

For at vi skal kunne bestille servering til alle deltakarane, treng vi påmelding. Deltakaravgift: kr 300,- per pers (enkel lunsj, kaffe og te).

Brageprisen

Etter programmet held vi fram kvelden med BOK365s Bragevorspiel og Bragepris-utdelinga på Vulkan. I fjor vart billettane til Brageprisen utseld, så det kan vere lurt å sikre seg billett allereie i dag.

Takk

Bransjeseminaret er støtta av Den norske forleggerforening, Fritt Ord og Norsk Forfattersentrum.

Tusen takk til alle som bidreg med innhald og diskusjonar!
Takk til Cappelen Damm for lån av lokale!