Både Katrine Sele og Grethe Fatima Syéd er bokaktuelle i vår. Begge forfattarane har skrive bøker som på ulikt vis tematiserer kvinner sine liv, kjærleik, einsemnd og meining. Sele har skrive ei memoar/sakprosabok basert på eigne erfaringar, medan Syéd har skrive om nasjonalskalden Inger Hagerup. I kveld kjem dei for å fortelje litt om sine nye bøker, om tilnærmingane til temaa dei tek opp, om skriveprosess og om kva dei tenker om tida like etter at boka er komen. Korleis ynskjer dei at bøkene vert møtt, har dei forventingar til lesarane sine? Kanskje les dei også litt for oss frå bøkene sine.
Katrine Sele skriv i Menn som nesten elska meg: sju års lengt etter kjærleiken (mai 2025) om då ho skilde seg midt i førtiåra, og blei kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Grethe Fatima Syéd jobbar også med ei sakprosautgjeving som skal ut før sommaren. "En sommer med"-serien har gått sin sigersgang over Europa sidan den starta i Frankrike med En sommer med Montaigne i 2012. I 2019 kom den første heilnorske utgjevnaden, En sommer med Nedreaas av Grethe Fatima Syéd. Dette var også første bok i serien som var via ein kvinneleg forfattar. No står Inger Hagerup for tur. Hagerup sine barnedikt lever i høgste grad framleis. Men ho har også ei rekke sterke dikt for vaksne, om nære relasjonar, kjærleiksrelasjonar, om å møte seg sjølv i døra og om eksistensiell angst og tomhet. Dessutan er erindringsbøkene hennar vel verdt å lese. Ikkje minst har Hagerup som person, myteomspunnen, alkoholisert og einaste kvinne i ei rekke samanhenger mykje å seie oss i dag, sjølv om det er 120 år sidan ho blei fødd og 40 år sidan ho døydde.
Når: Tysdag 13. mai kl.19.30
Kvar: Skifte, Det Vestnorske teateret, Ole Bulls plass
Er det gratis? Javisst, det er berre å møte opp.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet.