Digitalt medlemsmøte for forfattarar som skriv om natur, naturtap og klimakrise

Møtet er ope for alle medlemmar i Norsk Forfattersentrum – uavhengig av kva sjanger eller aldersgruppe du skriv for, og uansett om du skriv sakprosa eller skjønnlitteratur.

Digitalt medlemsmøte for forfattarar som skriv om natur, naturtap og klimakrise

Skriv du om natur, naturtap og klimakrisa, eller er engasjert i dette? Det kan kjennast meiningsfullt å engasjere seg, men det kan òg vera krevjande. Vi trur det kan vera nyttig å bli betre kjent med kvarandre og dele erfaringar.

Norsk Forfattersentrum inviterer difor til eit digitalt medlemsmøte for å kople oss saman og inspirere kvarandre.

Tid: 18. november, kl. 13:00–13:45

Stad: Digitalt (kontakt Siri Aurland Bredesen om du ynskjer å delta og ikkje har fått lenka tilsendt)

Teknisk assistanse før og undervegs i møtet: Siri Aurland Bredesen: tlf. 48 14 99 21 / 21 09 57 72 |  e-post: siri@forfattersentrum.no

Møtet er ope for alle medlemmar i Norsk Forfattersentrum – uavhengig av kva sjanger eller aldersgruppe du skriv for, og uansett om du skriv sakprosa eller skjønnlitteratur.

Program:

• Velkomen ved rådgjevar Guri Sørumgård Botheim.

• Innlegg frå forfattar Sigri Sandberg om erfaringar med å formidle litteratur om klima- og naturtap.

• Truslar og hets? Dagleg leiar Ingvild Herzog informerer om varslingsmottak.

• Moglegheiter for oppdrag innan temaet? Kort orientering frå kommunikasjonsmedarbeidar Atle Berge.

• Vegen vidare. Kva har medlemmane behov for?

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg er forfattar og journalist. Ho voks opp i Eivindvik, ytterst i Sognefjorden – og i Bergen, ho bur nå både i Oslo og Luster. Har òg budd mange år på Svalbard. Ho har skrive tjue bøker – om friluftsliv og polare strok, om klima, natur og landskap, om nattehimmelen, om fjellet, fjorden og havet. I sakprosaboka «Det året eg vakna» undersøkjer ho kva som skjer med naturen og oss. Korleis kan vi ta innover oss alle endringane utan sjølve å gå til grunne? Korleis kan vi snu bekymring til eit positivt engasjement?

Velkomen!