Alfred FIdjestøl og grunnleggarane

Alfred Fidjestøl ny styreleiar

Alfred Fidjestøl vart fredag ettermiddag vald til ny styreleiar i Norsk Forfattersentrum.

Etter eit digitalt årsmøte er det no klart at Julius- og Per Sivle-biograf Alfred Fidjestøl tar over som styreleiar i Norsk Forfattersentrum etter Mikkel Bugge midt under pandemien som har ført til ein svært usikker situasjon for medlemmene. Marit Eikemo er ny nestleiar, medan Tharaniga Rajah kjem inn som nytt styremedlem.

Må satse digitalt

Allereie før koronakrisa vedtok styret ny strategi for Forfattersentrum med utvikling av honorarsatsar og plattformar for digital formidling som hovudsatsingar. Den nybakte styreleiaren vil intensivere arbeidet:

 – Korona-situasjonen har vore ein vekkar for oss alle, og har over natta gjort eit usikkert yrke endå usikrare. Norsk Forfattarsentrum må arbeide endå hardare enn før med å sikre teknologiske løysingar for smittefri litteraturformidling og for effektive politiske tiltak som kan hjelpe forfattarane gjennom denne krisa.

Ser fram til å møte medlemmene igjen

Alfred Fidjestøl. Foto: Agnete Brun.

Fidjestøl har frå før sete fire år som nestleiar i Forfattersentrum, og er dermed godt førebudd til jobben han skal ta fatt på. Han synest likevel det er rart å ta over som styreleiar på eit digitalt årsmøte.

Det er sjølvsagt spesielt og vemodig at det ikkje var mogleg å arrangere eit vanleg fysisk årsmøte i år, men eg gler meg til å møte att så mange som mogleg av medlemmene våre når ting blir normale igjen.

Fakta om Fidjestøl

Fyllingsdølen Alfred Fidjestøl (f. 1973) har ei rekke styreverv og kritikarroste verk bak seg, noko valkomitéen la vekt på i innstillinga si: «Fidjestøl har gitt ut åtte sakprosabøker, både biografiar om alt frå Per Sivle til sjimpansen Julius og kulturhistoriske institusjonshistorier om mellom anna Norsk kulturråd og Oslo-Filharmonien, og han har mottatt Sult-prisen for forfattarskapen sin. Dei siste fire åra har han vore nestleiar i Norsk Forfattersentrum. Tidlegare har han sete fire år i sentralstyret i Naturvernforbundet og vore nestleiar i Natur og Ungdom. Fidjestøl har også arbeidd som kulturjournalist i mellom anna Klassekampen og Morgenbladet.»

Toppfoto: Alfred Fidjestøl,framfor Forfattersentrums tre grunnleggarar Tor Obrestad, Bjørn Nilsen og Einar Økland på Forfattersentrums femtiårsmarkering 20. september 2018 på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Espen Gees