75 millionar kroner til regionale kulturfond

Norsk Forfattersentrum er positiv til ordninga, men regjeringa må sikre at midlane går til prosjekt der profesjonelle kunstnarar er involvert og honorert.

HEILE LANDET: Med kontor i alle landsdelar, er Norsk Forfattersentrum opptatt av vilkåra for å skape arrangement av høg kvalitet i heile landet, og ønsker ordninga med regionale kulturfond velkommen. Bilde 1: Litterært springbrett med Irene Kinunda Afriye i Bergen. Foto: Eva Lene Gilje Østensen. Bilde 2: Bjørn Arild Ersland på Litterær hagefest i Adrianstua i Trondheim. Foto: Sigurd Børs. Bilde 3: Marte Wulff les på Lesefest på Sørlandet. Foto: Eva Lene Gilje Østensen.

I statsbudsjettet for 2025 har Stortinget løyva 75 millionar kroner til etablering av regionale kulturfond. Nøyaktig korleis dei regionale kulturfonda skal organiserast, er framleis uklart. Utkast til forskrift for fonda har vore ute på høyring, og no ventar aktørar over heile landet på den endelege utforminga av ordninga.

Eit godt tiltak mot sentralisering

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery står bak ordninga "Reginale kulturfond" som skal sikre kunst og kultur av høg kvalitet i heile landet. Foto: Ilja C. Hendel/KUD

Norsk Forfattersentrum melde i høyringssvaret vårt at vi er positive til ordninga og dei overordna måla om «et åpent, inkluderende og mangfoldig kulturliv i hele landet», og ønsket om å «legge til rette for samspill mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen».

83 % av den norske befolkninga bur i byar og tettbygde strøk, og høg økonomisk vekst i byane bidreg til meir jobbmotivert flytting. Dei som blir att på bygda, opplever ei forvitring av lokalmiljøet, melder SSB.

Også forfattarane er sentraliserte. Medan Oslo har 1,8 forfattarar per km2, har Finnmark berre 6 forfattarar per 10 000 km2 og Innlandet 14 forfattarar per 10 000 km2. I tradisjonelt kultursterke Gudbrandsdalen, Valdres og Setesdalen har Norsk Forfattersentrum berre to medlemsforfattarar i kvar dal.

Ein stor og bekymringsverdig mangel

Forslaget skal også ivareta innspill om at regionale kulturfond bør ivareta kulturfrivilligheten spesielt, ved å forsterke lokal og regional kulturfrivillighet. Endelig skal ordningen bidra til økt kvalitet på kunst- og kulturtilbudet lokalt og regionalt.

– Kultur- og likestillingsdepartementet i «Høringsnotat – Forskrift om Regionale kulturfond», s. 7

Norsk Forfattersentrum meiner likevel at forslaget til forskrift til regionale kulturfond har ein stor og bekymringsverdig mangel. I verste fall kan ordninga bli brukt som eit insitament til at midlar blir delte ut til frivillige aktørar i staden for profesjonelle kunstnarar.

Vi må ikkje koma i ein situasjon der ordninga bidreg til at profesjonelle aktørar blir forventa å stille gratis. Vi saknar verkemiddel i ordninga som gjer at ein unngår dette, og meiner midlane bør splittast mellom frivillige og profesjonelle.

Krev honorarkrav

Sjølv om Kulturdepartementet er krystallklare på at alle med offentleg støtte skal honorere kunstnarar, avdekkjer Norsk Forfattersentrum dagleg forsøk på å hyre forfattarar gratis eller underbetalt. Problemet for mange profesjonelle kunstnarar er ikkje mangel på samarbeid med den lokale frivilligheita, men det motsette: mangel på profesjonelle nettverk, og mangel på oppdrag, anerkjenning og honorering av arbeidet ein utfører som profesjonell kunstnar.

Kunstnarisk kvalitet og nyskaping må ikkje bli skadelidande gjennom pragmatiske tildelingar til ikkje-profesjonelle i staden for profesjonelle, eller at arrangørar grip til amatørar i staden for profesjonelle fordi det er billigare. Det må stillast krav til at frivilligheita bruker fagkompetanse og profesjonelle for å auke kvaliteten på kunst- og kulturtilbodet, og at dei profesjonelle aktørane blir honorert minimum i samsvar med gjeldande minstesatsar innan sin profesjon.

Fylka skal forvalte

Kollasj av norske fylkesvåpen.

Norsk Forfattersentrum støttar i utgangspunktet forslaget om at fylka forvaltar midlane i «Regionale kulturfond»-potten, og vi er svært glade for følgjande presisering i høyringsnotatet (s. 7):

Det er departementets klare intensjon at de statlige midlene i ordningen skal komme i tillegg til fylkeskommunenes eksisterende bevilgninger til kulturtiltak.

Samstundes er vi bekymra for om fylkeskommunane kan få vel stor fridom til å fastsetja kriterium for tildeling av midlar. Dette kan føre til ulikskapar i tilgang til kulturtilbod på tvers av fylka. Det er viktig med nasjonal koordinering, tildelingsstandard og evaluering. Nasjonale aktørar og organisasjonar må kunne søkje på ordninga, og det bør vera mogleg å søkje om fleirårig støtte, fordi det gjev forutsigbarheit til å byggje profesjonelle karrierar og langsiktig aktivitet.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.