Barn og unge er dårlegare til å lese enn før. Kva skal til for å snu trenden? Maria som går på vidaregåande har byrja å lese meir enn nokon gong. Og på Skarbøvik ungdomsskule har tenåringsgutar blitt engasjert i å lese ein roman om ei tenestejente på 1700-talet.
Regjeringa sin leselyststrategi slår fast at barn og unge har lågare leselyst og dårlegare leseferdigheiter enn før. Å vere god til å lese, er avgjerande for at unge skal klare seg godt i samfunnet.
Dei følgande intervjua blei gjort i forlenginga av Norsk Forfattersentrums prosjekt #PostkodeNorge. Formålet med prosjektet er å inspirere til å lese, skrive og ytre seg. Prosjektet skal bidra til at unge med ulik bakgrunn evnar å komme til orde og sikre eit breitt meiningsmangfald. Skrivekurs blei arrangert over heile landet. I etterkant blei det laga ein podkastepisode med fokus på ungdom og lesing, der både ungdom sjølv og lærarar og bibliotekarar blei intervjua.
Det som går igjen i samtalane med ungdommane, er at dei set pris på det sosiale med lesinga. Leseopplevingane blir betre, når dei snakkar om det dei har lese. Dei peikar også på utfordringa med å finne fram til rett bok, og at dette er noko mange treng hjelp til.
Maria les meir enn nokon gong
På biblioteket på Ålesund videregående skole, avdeling Fagerlia, er det mange elevar mellom hylleradene. Nokre jobbar med skulearbeid, andre sit i sofaer og pratar.
Maria Hole Ødegaard og Andrea Ramsvik Bjørdal går vg2 studiespesialiserande. Dei har hatt svært ulike vegar inn i lesinga.
Andrea blei lest for då ho var lita.
– Då eg var seks-sju år gammal, var eg kjempegira på å lese. Eg las heile Harry Potter-serien på tre år, men no blir det mest lekselesing.
– Det var ikkje sånn at eg ikkje ville lese før. Men eg visste ikkje kva slags bøker som var gode og kva sjangrar eg likte, forklarar Maria.
Det som har vekt leselysta hennar i det siste er faktisk TikTok.
Filmane på TikTok gjer det lettare å finne bøker ho ønsker å lese. Ho blir engasjert når ho ser folk ho kan relatere til. Når jenta på TikTok snakkar om ei bok ho elskar, er det kanskje noko Maria også vil like. Ho les bøkene på eit Kindle lesebrett.

– Det er mykje billigare å kjøpe bøker på Kindle enn å kjøpe fysiske bøker. Det er også enklare å få tak i dei, når eg først finn ei bok eg vil lese, seier Maria.
Andrea har også blitt inspirert til å ville lese meir av å sjå videoar på TikTok. Men ho har ikkje komme ordentleg i gong.
– Det er kanskje smart å lese på ein Kindle, funderer ho. Andrea liker best å lese norske bøker. Men sidan bokmarknaden er større på engelsk, opplever ho at det er lettare å finne bøker ho likar der. Maria er einig i dette. Ho les mest komedie-romantikk og romantiske bøker.
Dei har ikkje noko imot å lese ei bok på norsk. Første året på vidaregåande, las dei boka Hør her'a.
– Den var spanande og passa veldig bra på norsk, meiner Maria.
Saknar sånn det var på barneskulen

I dei lyse lokala til biblioteket på avdeling Volsdalsberga er det roleg. Vetle Koppernes går andreåret på barne- og ungdomsarbeiderfag. Lesing har ikkje vore noko for han. Men nokre gongar les han:
– Viss eg skal på fisketur med bestefar drar vi ut tidleg. Då set eg meg fort ned i sofaen og les ei bok der, eller eit Donald-blad. Det har vore sånn heilt sidan vi var små.
Vetle føler ikkje at han har lese noko som verkeleg har treft han, men det er nokre bøker han liker å lese betre enn andre. Gjerne dei som er litt korte og enkle å lese.
– Kva skal til for at du skal velje ei bok framfor mobilen?
– Det måtte vel vere viss nokon hadde spurt meg om det, seier han og ler. – Det er ikkje noko som hadde falt meg inn å gjere sjølv.
Vetle ser at det er fleire fordelar med å lese bøker. Mellom anna at du slepp all skjermtida. Han kunne ønske at det var lagt opp til at dei kunne lese meir på skulen.
– Eg kan sakne sånn det var på barneskulen då vi skreiv for hand og måtte lese bøker, seier han.
Engelsk infiltrerer språket vårt

Ellen Marstrander er norsklæraren til Vetle. Ho har jobba som norsklærar sidan 2012. På desse åra har ho sett ei endring i skriveferdigheitene til ungdommane. Ho kan sjå at dei les mindre enn før.
– Mange må bli overtalte og dei må ha eit prosjekt for at dei skal lese.
Ho har opplevd at elevar har blitt svært engasjert etter å ha lese ei bok, men litt for ofte blir dei skuffa.
– I ei bok blir alt skildra med tekst. Det er forskjellen mellom å lese og sitte på skjerm. På skjerm skjer det noko heile tida. Eg trur det handlar om at dei kjedar seg litt når dei les.
Ho er også uroa for all engelsken ungdommen brukar.
– Engelsk er i ferd med å infiltrere språket vårt. Ungdom i dag brukar frykteleg mykje engelske ord og uttrykk i språket sitt.

Malin Finsæther Skarbø er bibliotekleiar på Ålesund videregående skole. Sjølv om færre les no enn før, er det framleis ein del som les. Ho opplever også at elevane snakkar mykje engelsk.
– Det er elevar som har fått i oppgåve å skrive om ei bok i norskfaget, og spør om å få lese boka på engelsk, fortel ho.
God lesetrening
Elevane kunne gjerne lest meir norske bøker, men Trine Nymark synest det er veldig kjekt at elevar les engelske bøker. Ho er både norsk- og engelsklærar og ser at elevane utviklar ordforrådet sitt og vender seg til den måten å lese på.
– Dei blir vant til å lese romanar og engelsk er eit viktig språk dei kjem til å bruke mykje.
Trine trur at ungdom lærer engelsk frå tv-seriar, dataspel og sosiale medium. I tillegg brukar dei søkemotorar på engelsk og det pregar språket. Det gir ein annan gevinst å lese engelsk litteratur, tenkjer ho.
– Eg er berre glad elevar les, uansett språk. Dei treng lesetrening og det får dei ved å lese.
På Norli Moa Syd er ein heil vegg fylt opp av engelske bøker, sentralt plassert ved inngangen. På eit bord framfor, står titlar som er kjende frå TikTok. Ungdom finn vegen inn i butikken og kjøper bøker. Butikksjef Carola P. Aase fortel at jentene helst vil ha romantiske bøker, gjerne med spice. Gutane vel heller fakta og manga-teikneseriar. Sci-Fi og Fantasy når ut til begge kjønn.
– Finst det norske alternativ til dei populære, romantiske bøkene?
– No har forlaga byrja å plukke opp trenden. Colleen Hoover sine bøker har komme på norsk, det samme har Romantasy-bøkene til Rebecca Yarros.
Carola opplever at det er nokon som helst vil lese på norsk. Men utvalet er ikkje like stort. Butikksjefen trur det er vanskeleg for forlaga å vite i forkant kva bøker dei skal satse på.
Sjølv om ho gjerne skulle sett at dei unge kjøpte fleire norske bøker, ser ho òg fordelar med at dei les engelske bøker.
– Det kan bli ein inngangsport til lesing. Ein startgnist som gjer at dei blir nysgjerrige på å lese meir.
Leselyst på timeplanen
Skarbøvik ungdomsskole i Ålesund er ein av skulane som har tatt grep for å snu lesetrenden. Alle elevane har ei økt kvar dag der dei kan lese kva dei vil i 20 minutt. Det er fleire skular som har lystlesing på timeplanen, men ofte er det i ein avgrensa periode på nokre månader og ofte i forbindelse med norsk- eller engelsk. Det spesielle med satsinga til Skarbøvik ungdomsskole, er at dette gjeld i alle fag og klassetrinn, heile året gjennom.
– Vi starta i haust, fordi vi ser at vi har ei stor gruppe elevar som er svake lesarar og har dårleg leseflyt, fortel norsklærar Charlotte Riise. I litt over eit halvt år no, har ho òg hatt ansvar for skulebiblioteket.
For elevar som er i gråsona for dysleksi er det ekstra viktig å skape leselyst.
Skarbøvik ungdomsskole har modellert satsinga etter Stangeland ungdomsskole på Karmøy.
Charlotte Riise fortel at satsinga har hatt positiv effekt på elevane hennar. Ei jente har snart lese seg gjennom alle dei nye bøkene Charlotte har tatt med til henne. Det er gutar som har lese fleire bøker for første gong i livet.
– Dei er stolte av å ha lese ei bok. Og dei går i tiande klasse. Det er litt spesielt, men også litt kult, seier Charlotte med eit smil. Elevar som er vant til at dei ikkje likar bøker, har plutseleg lese ei bok dei likar.
Uvant å lese 20 minutt kvar dag

Alexander Aran Charoensang Otlo og Theo Lorgen Martinsen er to av elevane til Charlotte. Dei går i tiande klasse. Då dei først starta med å lese tjue minutt kvar dag var det uvant. No har dei byrja å bli vant til det. Alexander og Theo er einige i at det blir kjekkare å lese viss dei finn noko som er gøy.
– No les eg ei bok om økonomi. Det går ganske bra og er ganske kjekt. Og så liker eg å lese teikneseriar, fortel Alexander.
Theo les gjerne om fotball, som han er interessert i.
– Nett no les eg ei bok som Zlatan har skrive. Det er bra med bøker som treffer oss.
– Det er vanskeleg å gå på biblioteket og finne ei bok sjølv. Kanskje finn du ei bok som ikkje engasjerer. Då blir det umotiverande å lese, meiner Alexander.
Theo og Alexander leste Aina Basso si nyaste bok før det blir morgon i samband med at dei skulle bokbade forfattaren under Ålesund litteraturfestival.
I boka følgjer vi tenestejenta Josefa som er femten år då ho må gå i teneste på storgarden Li. Det er ei historie som ligg langt unna kvardagen til Alexander og Theo.
Alexander innrømmer at det var ganske vanskeleg då dei byrja å lese:
– Det var mange nye ord som vi ikkje visste kva betydde. Detaljar vi ikkje skjønte. Men eg blei meir vant med det jo lenger ut i boka vi kom.
I timane snakka dei om boka og fekk litt forklaringar. Dei synest det er fint å snakke om boka.
– Då forstår ein litt meir av kva ein les om, seier Alexander.
Det hjelpte òg på motivasjonen at dette var noko dei måtte gjere, sidan forfattaren skulle komme. Dei melde seg frivillig til å vere med, og kjente på eit ekstra ansvar.
– Var det noko som overraska dykk?
– At det gjekk såpass fint som det gjorde, seier Theo og fortel at dei fekk ros av forfattaren etter bokbadet.
Utolmodige lesarar
Gutane ser at det er fleire fordelar med å lese bøker.
– Det kan vere krevjande, men så blir du betre på det etter kvart, seier dei.
– Viss du faktisk finner bøker som treffer deg, har du det kjekt i tillegg, legg Alexander til.
Den store utfordringa er å finne dei rette bøkene. Theo og Alexander får gjerne tips frå norsklæraren sin, Charlotte, om bøker.
– Det har vore mi utfordring: Å finne fram til bøker om ting dei er interessert i og som kan passe deira nivå. Mange av dei er uerfarne lesarar, seier Charlotte. Elevane er òg utolmodige og vant til at det skal gå veldig fort.
– Å sitte stille og lese utfordrar dei på eit anna plan.
– Kva skal til for at ungdom skal ta opp boka?
– Nokon må formidle boka til dei og få dei interessert. Nokon må hjelpe dei å velje. Så trur eg òg at dei må bygge opp evna til å halde ut, som gjer at dei får lyst til å lese vidare, seier Charlotte.
Ho ser at bibliotekaren har ei svært viktig rolle for å kunne hjelpe elevane med å finne bøker dei vil lese.
– Vi må hugse å takke bibliotekaren!