Ordninga er retta for skrivande innan litteratur- og scenekunstfeltet, og det vert lyst ut to opphald på ein månad kvar for til saman fire kunstnarar.
Bustaden er eit eldre gardshus med gode, men enkle fasilitetar. To kunstnarar vil dele husværet under opphaldet. Det er mogleg å ha arbeidsrom i bustaden eller på Fosseloftet – eit nyare bygg ved Strandebarm marina. Det er også mogleg å låne eit spartansk stølshus som høyrer til garden.Strandebarm i Hardanger er ei vakker, lita bygd mellom fjorden og fjella. Her finn ein daglegvarehandel, kafe og uendeleg med turmoglegheiter. Bygda ligg 1,5 timar med bil frå Bergen og ein halvtime frå kommunesenteret Norheimsund.
Kven kan søke:
Profesjonelle, etablerte skjønnlitterære forfattarar, dramaturgar og regissørar. I denne omgang er ordninga retta mot norske kunstnarar som jobbar med tekst.
Vilkår:
Opphaldet er gratis, men Fosse-stiftinga ynskjer at gjestekunstnarane vil bidra til formidlingsprogrammet i Fossehuset med ei opplesing eller presentasjon av eige arbeid mot slutten av opphaldet. Ein får også invitasjon til å komme tilbake med program under Fosse-dagane.
Søknadsfrist: 20. juni. Tilbod vil verte sendt ut innan 25. august.