Forfattar må betale 4215 kroner for å ha delt skjermdump

Då romanen «Allmenningen» (Aschehoug, 2023) fekk ei strålande melding i Dagsavisen, delte forfattaren, Helene Guåker, ein skjermdump av avisa på sosiale medium. No må ho betale.

Helene Guåker fotografert av Iris Engen Skadal for Det Norske Samlaget.

Copyright Agent trålar internett på vegne av opphavarar for å finne ulovleg bruk av beskytta materiale. Selskapet merka seg innlegget til Guåker. Meldinga i Dagsavisen var nemleg illustrert med eit bilde av Guåker sjølv, tatt av NTB-fotograf Ole Berg-Rusten, og no har Copyright Agent på vegne av bildeeigar NTB, kravd 4215 kroner av Guåker for brot på opphavsretten.

Vil åtvare kollegaer

No ønsker Guåker å åtvare forfattarkollegaer. Det er jo ikkje uvanleg at forfattarar som får gode meldingar eller blir intervjua i aviser, legg ut faksimiler på sosiale medium. Ofte er slike meldingar berre illustrert av omslaget til boka eller forfattarportrettet frå forlaget, men nokre gonger, som i dette tilfellet, bruker redaksjonane eit bilde forfattaren ikkje har rett til å publisere utan eigen avtale.

Helene Guåker fortel at ho har fått følgande forklaring frå Copyright Agent på kvifor ein skjermdump av ei avisside med eit NTB-eigd bilde bryt med opphavsretten:

Selv om NTB og fotografen er kreditert i innlegget ditt, er det viktig å forstå at kreditering alene ikke gir rett til å bruke et opphavsrettsbeskyttet bilde. I henhold til åndsverkloven (åvl.) har fotografen enerett til å lage kopier og å gjøre bildene tilgjengelige for allmennheten, eksempelvis gjennom publisering på nett eller i sosiale medier (§3). Dette betyr at det kreves en avtale med fotografen eller den som forvalter rettighetene for å kunne publisere bildet lovlig.

Publiser heller lenke

Copyright Agent skriv vidare til Guåker:

Når det gjelder skjermdumper og deling av innlegg på sosiale medier, har EU-domstolen fastslått at lenking til bilder som allerede er lovlig publisert på nettet, ikke regnes som tilgjengeliggjøring. Bildet må være klikkbart, slik at man ved å klikke på bildet kommer til den opprinnelige kilden.

Forfattarar bør med andre ord publisere lenke til sjølve saka, ikkje skjermdump av saka, dersom hen ønsker å dele ei melding eller eit intervju, og då spesielt dersom saka er illustrert med eit bilde forfattaren ikkje har avtale om å bruke til eigenreklame.

På Instagram kan dette vere ei utfordring, men du kan for eksempel legge ut eit kort sitat frå meldinga, eller eit jubelbilde med boka, og lenke til nettstaden i bio. Er du usikker, spør dei som har rettane til tekst og bilde om lov før du deler.

Skal betale

Helene Guåker seier til Norsk Forfattersentrum at ho sjølvsagt betaler rekninga.

– Eg vil gjere det som er rett og riktig, og her har eg gjort ein feil, så det er ingenting å lure på. Men eg håpar dette kan føre til at fleire blir klar over kva som er lov og ikkje, slik at det kjem noko godt ut av saka. Eg ville aldri funne på å legge ut bilde av avisa dersom eg visste at det braut med opphavsretten.

Medlemmer som er nemnde i denne saka