Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Ønskjer du å bli ein betre formidlar og gje barn og unge ei god litterær oppleving? Då kan du søkje om å bli deltakar på DKS littlab i Skien.
DEL
Forfattar Mari Moen Holsve saman med elevar/medprodusentar under DKS littlab 2022 i Skien. Foto: Kulturtanken
Med midlar frå Kulturtanken, inviterer Telemark fylkeskommune og Skien bibliotek til eit laboratorium for utvikling av litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. I DKS littlab blir du del av ein prosess der du vekslar mellom sjølvstendig arbeid og arbeid i gruppe. I følge utlysinga på kulturtanken.no, vil deltakarane få hjelp til å jobbe med blant anna bruk av kropp og stemme, dramaturgi og estetiske verkemiddel, medviten bruk av rommet og målgruppetilpassing.
DKS Littlab er samlingsbasert, og vil foregå 24. og 25. september 2025, samt over to dagar i veke 47.
Deltakarane får dekt reise, overnatting og diett, DKS-dagshonorar for samlingane og inntil 10 ekstra honorerte timar ved behov for vidare utvikling.