Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Over 45 millionar kroner i honorarutbetalingar i 2024
869 forfattarar var ute på 8 783 oppdrag, og fekk til saman utbetalt 45 795 128 kroner i honorar gjennom Norsk Forfattersentrum i fjor.
DEL
Styreleiar Ingar Johnsrud opna årsmøtet 25. april 2025. Johnsrud og dagleg leiar Ingvild Christine Herzog (t.h.) kunne informere årsmøtet om at 2024 både var eit utfordrande, men også godt år for Norsk Forfattersentrum. Foto: Espen Gees
I 2024 passerte honorarutbetalingane frå Norsk Forfattersentrum for første gong 45 millionar kroner. Omsetninga har med det auka i 17 av dei siste 20 åra.
Det er likevel ikkje berre jubel i administrasjonen over 2024-tala. Nestleiar, Sissel Kristensen, forklarar:
Sissel Kristensen. Foto: Nina Ruud
– Forfattarane får betre betalt per oppdrag, og omsetninga går framleis opp. Det er vi sjølvsagt glade for. Samtidig er vi bekymra for at talet på oppdrag, og talet på forfattarar som får oppdrag, går ned. Vi er bekymra for økonomien til mange av oppdragsgivarane til forfattarane våre, blant anna litteraturhusa. Vi kjem derfor til å følge nøye med, ikkje berre på forfattarøkonomien, men også vilkåra til oppdragsgivarane, framover.
Vil du vite meir om korleis 2024 var for Norsk Forfattersentrum?