Medlemsinfo: Kom i gang med «Mine sider»

Stadig fleire medlemmer får no tilgang til dei framtidige oppdraga sine på «Mine sider».

Bakgrunnsfotoet er teke av Ben Kolde, Unsplash.

På «Mine sider» kan du både godkjenne oppdrag du blir tilbudt av potensielle oppdragsgivarar, skaffe deg oversikt over framtidige oppdrag, og ikkje minst ferdigmelde oppdrag.

Men aller først må du komme deg inn på sidene ...

Slik oppretter du som er medlem i Norsk Forfattersentrum ein brukar:

  1. Klikk på «Mine sider» i hovudmenyen her på forfattersentrum.no (på mobil under oversikta «For forfattarar»). Du kan også gå direkte til portal.forfattersentrum.no.
  2. Klikk på knappen «Opprett ny brukar».
  3. Fyll inn e-postadresse og ønska passord.
    Her er det veldig viktig at du bruker e-postadressa som er registrert hos oss. Alle andre e-postadresser vil bli nekta tilgang. Er du usikker på kva adresse vi har registrert på deg, kan du gå inn på forfattarsida di i Forfattarkatalogen og sende deg sjølv ein e-post. E-posten kontaktskjemaet blir sendt til, er den du skal bruke når du registrerer deg på «Mine sider». Forfattarkatalogen finn du her.
  4. Trykk på knappen «Opprett brukar». Sjekk e-posten din: Du får nå tilsendt ein e-post der du blir bede om å stadfeste at det er du som har prøvd å opprette ein brukar. Sjekk eventuelt søppelpost/spam-filteret dersom du ikkje får e-posten. E-posten kjem frå adressa noreply@wm-xrm.firebaseapp.com og har emnet «Bekreft e-postadressen din for Pointer XRM».
  5. Trykk på stadfestingslenka i e-posten.
    Får du beskjed om at e-postadressa ikkje finst i systemet, kontaktar du oss på e-postadressa norsk@forfattersentrum.no, slik at vi kan finne ut kva som luggar.
  6. Når du har stadfesta e-postadressa di ved å trykke på lenka i e-posten, kan du logge inn på «Mine sider» med passordet du nettopp valde deg.

«Mine sider»

Inne på «Mine sider» vil du blitt møtt av dette oppsettet:

Her får du altså oversikt over kor mykje du har tent på formidling gjennom Norsk Forfattersentrum i år, og oppdraga dine. Når du har godkjent eit tilbod om eit oppdrag, vil du få ein pakkseddel på e-post som liknar på dei du er van med.

Ferdigmelding

Ferdigmeldingsprosessen er derimot ny. I staden for å sende pakksedelen til utbetaling@forfattersentrum.no når eit oppdrag er utført, loggar du inn på «Mine sider», og følgjer følgande oppskrift:

  1. Trykk på fana "Klar til ferdigmelding".

I dette tilfelle har forfattaren eitt oppdrag klar til ferdigmelding.

2. Trykk på den svarte knappen "Ferdigmeld" for å få opp dette skjemaet:

  1. Trykk "Neste", og fyll inn evt. utlegg etter rekning dersom du har det. Skriv forklaring, fyll inn sum og last opp vedlegg ved å trykke på det kvite plussteiknet i det svarte feltet "Last opp bilag":
  1. På neste side fyller du evt. diett dersom du skal ha det:

Start med å skrive inn frå og til dato, og trykk "Legg til periode" for å fylle inn meir detaljert informasjon om klokkeslett og eventuelle måltid som skal trekkast frå dietten dei ulike dagane. Avslutt med å trykke "Lagre" og "Neste".

  1. Til slutt legg du til evt. utgifter til køyring: Evt. bompengar, kilometergodtgjering og informasjon om evt. passasjerar du også skal ha godtgjering for:
  1. Avslutt med å trykke "Neste" og så "Ferdigmeld" dersom den samla oversikten ser grei ut:

Alle fullførte og ferdigmeldte oppdrag, finn du i fana "Arkiv":

Har du eit oppdrag du skal godkjenne eller ferdigmelde og støter på problem, er det betre for helsa di om du ringer oss enn å få panikk. Norsk Forfattersentrum har telefontid på kvardagar 9–15. Telefonnummeret er 21 09 57 00.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.