Trolltunga - eit vilt stykke Norgeshistorie

Dette er ei vill historie om tilfeldigheiter, god timing og fullt kaos. Trolltunga blei ein Instagram-hit på nokre få år. Folk frå heile verda strøymde til Hardanger for å gå den ti timar lange turen. Kva skjer når nærmare 100 000 menneske har same turmål?

Det er også historia om knallhardt arbeid i barsk natur og tørrlagde fossefall. Området rundt Trolltunga gjekk gjennom ei ekstrem forvandling like etter 1900, og kraftutbygging og industri jaga vekk turistane.

No er ringen slutta i Odda. Turistane kjem i flokk og følgje, slik dei gjorde på 1800-talet. Kva gjer den nye turismen med det gamle industrisamfunnet?

‍

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker