Nye bøker fra våre medlemmer
i Midt-Norge

82,91 - tiden du får

82,91 år er tiden du har til rådighet - til kamikazevinger, sommerdrømmer, doble hjerteslag, sprettballøgner, sammensmeltninger, veltetuer, brusfugler og drops i fire farger.

Griper du sjansen?

Ringen

Humoristisk om rett og gale.

Sara er ei skjor som elskar å pynte seg. Heime har ho tusenvis av flotte smykke og annan pynt! Men ein dag finn ho ein heilt uvanleg vakker ring i smykkeskrinet til mora. Kva om ho låner han med seg inn i pyntesamlinga si, berre lite grann? Burde ikkje det gå heilt fint?

Ringen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, som er skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Ny amerikansk poesi 2

Politisk poesi frå dagens USA .

Ny amerikansk poesi 2 er ei rik og variert samling poesi frå unge poetar som er ulike i uttrykket, men har det til felles at poesien er forma av aktivisme og systemkritikk. Enten det handlar om krig, vald, klima, kolonialisme, familierelasjonar, klasse, minoritetserfaringar eller seksuell identitet, skriv dei med eit alvor og ein språkleg presisjon som gir oss det håpet vi treng når ting ser mørkt ut.

I 2018 kom det første bandet av Ny amerikansk poesi - med dikt frå mellom andre Ocean Vuong, Danez Smith og Sarah Wintz. No kjem det neste, med åtte nye samtidspoetar frå USA, gjendikta av unge norske poetar som dei deler eit litterært eller tematisk slektskap med.

Soldagen

Lettlesen action i snødrevet.

Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mora si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord.

Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar til Nils og gjengen, og har attpåtil lova mora å passe godt på veslesøstera si, Amira.

På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape.

Normal hverdag med økt beredskap

Elin er ikke feig, hun er bare redd for mye. Hun er enslig og uføretrygdet og ser på seg selv som feilvare. Dagene slås i hjel med å se på dokusåper på tv. Ingen forventer eller krever noe av henne, og det er egentlig ganske behagelig. Da hun en dag bestemmer seg for å melde seg som besøksvenn for ensomme, endrer alt seg.

Normal hverdag med økt beredskap er en roman om frihet og ansvar, takknemlighet og trass. Den handler om å ikke gi seg.

Liv, eg har drukke

Diktsamlinga Liv, eg har drukke leitar i ord og verseliner, minne og bilete etter ein lyrisk kjærleik. Kva andar enno i dikt skrivne for over eit hundreår sidan? Kvar må ein gå for å høyre den daude syngje?

Falle inn i orda dine

som utfor ein skrent,

som eit tre i stormen

dreg med seg grunnen

og alle røtene,

sperrar vegen,

opnar landskapet

for ny skog,

for neste vår.

Fallgard

Det er sommar på Mulen, øya i havgapet.

Her bur Ingeborg saman med foreldra

og dei yngre søskena. I det vesle

øysamfunnet går livet sin gang med

kyrkjemøte, fiske og gardsarbeid, slik det

alltid har gjort. Verda utanfor verkar fjern,

men det moderne samfunnet bankar

stadig oftare på og trugar det som er trygt

og sett.

Ingeborg lengtar forbi fallgarden som bryt

bølgjene kring øya. Men det er også ein

annan lengt i henne. I alt ho gjer, ynskjer

ho seg til det grøne huset på andre sida av

øya. For der bur Olaug, som nettopp har

vorte enkje. Olaug med det svarte håret

og dei sterke armane. Kva er det med

Olaug som er så annleis, som får Ingeborg

til å kjenne seg både innestengd og fri?

E‍r du medlem og din bok mangler?

Takk for melding, boken vil bli lagt til på din side i Forfatterkatalogen ganske snart.
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Kontakt

Siri Aurland Bredesen

Spørsmål?

Siri Aurland Bredesen