Lukk søk

Fjella har alltid vore der. Dei vaktar fjorden, held utsikt over det som kjem og går, over det som endrar seg og det som ikkje gjer det. I denne diktsamlinga er dei norske fjordlandskapa ein målestokk for det menneskelege – ein stad der ein kan kjenne sin eigen litenskap og samstundes kjenne seg trygg.Her er sorg og kjærleik, einsemd og tilhøyrsle, og ei grunnleggjande tru på at det er von å finne – i eit bønehøyrande fjell, i ein framand sin gode vane, i regnet som dreg over åkrane om natta.