Lukk søk

Jakob har fått eit kjempeviktig oppdrag av sjølvaste statsministeren: Han skal passe på at nabojenta Ramona ikkje blir avslørt som romvesen. Om han klarer denne oppgåva, får han heile 2,6 millionar kroner! Men å halde styr på Ramona er lettare sagt enn gjort. For korleis skal ein forklare at ho svever høgt over stonga når dei hoppar høgde på idrettsdagen, eller at ho gir eit fiskebollebokstårn i bursdagsgåve til bølla Wilhelm? Og kven er den mystiske mannen som følgjer med på alt dei gjer?I Universets vaktar strammar det seg til for Jakob og Ramona. Får Jakob den store pengepremien frå statsministeren? Og kven er eigentleg foreldra til Ramona?