To liv

Sus bak graner
brus under fossar
klingande latter
lydar frå livet i fjerne tider

Ho fann ei klopp
sprang frå stein til stein
forsvann inn i skodda
attende i tida

Ei dotter. Ei mor. To liv bundne saman av ein kjærleik som aldri tek slutt.

I vakre, lyriske småtekstar og dikt skriv Christi Sjetne om dottera og eventyrjenta som ikkje greidde livet – og om sorga som vart att.

Korleis kan ein leve vidare etter å ha mista eit barn som har tatt livet sitt?

To liv er ei sterk og sår prosalyrisk bok om morskjærleik, botnlaust sakn og om å leite etter sin eigen veg når livet endrar seg for alltid.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker