Mot kaos - 100 dikt om Egypt

Eg går denne blågrå vegen min der den svingar opp til huset, nyt svingen

gjennom og med så vakre dagar

endåtil dei med hagl og snø og regn er vakre

eg er aldri åleine

nei, for Hathor er med meg - gudinna for kjærleik og død

ho kjem ut av statua si og røskar meg med

eller ho tek meg i handa og leiar meg om bord i sitt smil

ho breiar fram ein hemmeleg sti

den er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss ti tusen år

denne næraste sola, proxima sin nabo, er far vår

han er den mildaste mellom gudar og menneske

det er han alltid, så han ropar oss ikkje inn

nei enno ikkje

Kjartan Hatløy har lenge hatt ei brennande interesse for egyptologien. I Mot kaos omset han denne lidenskapen i dikt. Boka opnar på diktarens heimstad ved Åfjorden og Lifjellet og trekkjer forbindelsen til Det gamle Egypt - til Nilen og pyramidane i Giza og Luxor. Storleikar frå oldtidas førestillingsverd kjem til syne langs vegen, i skog og vatn, og Hatløy går i dialog med den gammalegyptiske måten å tenkje om livssyklusen på: Han gjer døden til reisekamerat.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker