Ein tragikomisk roman om kreft

Forfattaren får livet snudd på hovudet då han får diagnosen beinmargskreft. Frå rolege kvardagar med kona Sol og hunden Dyret, blir han kasta inn i ei brutal verd av cellegift og stamcelletransplantasjon på Rikshospitalet. Medan han kjempar for livet i sjukesenga, rir frykta for døden han som ei mare, samstundes som ei rekkje minne frå fortida kjem til overflata.

Under den harde behandlinga tek morfin og smertestillande medisinar forfattaren med på absurde og forvirrande reiser. I rusen spelar gravemaskinene utanfor vindauget Verdi, Ringo Starr dukkar opp med store trommestikker, og kvar natt får han besøk av ein hest.

Ein tragikomisk roman om kreft av Arne Ruset er ei rå, ærleg og overraskande morosam forteljing om å sjå døden i kvitauga.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker