Doggerland

Intenst kammerspel-om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar - den litterært gåverike Filip og den økonomisk

orienterte Henny - posisjonerer seg begge for å ta over.

Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familie-løyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning.-Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?

I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga.-Doggerland-er eit intenst kammerspel -om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker