Borodino

Då niesa sender melding frå Paris om at ho har fått ein son, men samstundes er blitt alvorleg sjuk, begynner den gamle læraren straks å skrive eit brev til henne. Det hastar å svare på dei spørsmåla ho stilte som barn: Kven er vi, onkel, og kor kjem vi frå?I eit forsøk på å fortelje om kva plass slekta deira har i verda, trekker han tråden attende til starten av 1800-talet, til Tomas Øvstigard, som deltok i Napoleonskrigane. Det er ei historie om kjærleik, tap og håp som flettar seg inn i livet til etterkommarane på det farlege vinterfisket, om Tomas-på-kvelvet, som overlevde, og vidare fram til slutten av 1900-talet, då han sjølv, niesa og resten av familien ei kort stund levde saman.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker