Lukk søk

Éin gard. Fire forteljarar. Kvar av dei har sin monolog, eller kanskje heller klagesong, om livet på garden. Ekteparet strevar med å «dra lasset saman». Odelsguten drøymer om å bli diktar, men tvilar på om han duger til noko som helst. Tenestejenta har etter 35 år enno ikkje kome seg av flekken, bunden av eit papir ho ein gong skreiv under på. Den gamle sit med nøkkelen til det meste. Frå han høyrer me ingenting – før det ein dag skjer noko …
Blod og vatn er ein fleirstemd roman om arv og odel, arbeid og utanforskap, plikt og lengt, og om kva det kostar å høyra til.