Året har tretten netter

Ærleg om begjær og sårbarheit.

Mette matchar med M. Han viser straks

interesse, og ho kan ikkje tru at ein som

han ser noko i henne. Når den leikne og

uforpliktande relasjonen på SMS går over

i fysiske møte, aukar denne usikkerheita.

Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er

hekta og har ingenting å miste. Sjølv når

M begynner å trekke seg tilbake, tenker

ho at det er no eller aldri.

I «Året har tretten netter» møter vi Mette

gjennom søvnlause netter, i førebuingar

til møte, i analysar av meldingstrådar,

samtaler og eigen veremåte, gjennom

kvardagar der alt dreier seg om M.

«Året har tretten netter» handlar om tillit og

sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Det er

ein ærleg og direkte roman om

eit oppslukande, desperat begjær.