Å

Ei vandring langs ei lita elv, ei utforsking av livet ho ber med seg, og livet som omgir henne, på leiting etter håp i ei vanskeleg tid.

I dette langdiktet vert lesaren invitert med på

å følgja

åa frå a til å -
frå ås til os, om skog-
holt og langsmed eng

for å lytta til elvas song:

gullvokal og sølvsjølv-
lyd i elvestemme
å-mål og fosserøyst

Å er ein lyrisk hydrografi, eit vitnesbyrd frå vatnet om natur i endring.

Den tredje diktsamlinga frå Thor Magnus Tangerås er umiskjenneleg «Tangeråsk»: stilsikker og leiken, eit forsøk på å gi språk til noko som ikkje har språk, denne gongen elva.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker