Søk Medlemsfondet!

Skal du arrangere eit litteraturarrangement eller gjennomføre eit anna prosjekt som kjem medlemmer av Norsk Forfattersentrum til gode? Søk Medlemsfondet før 15. mai!

Jernrosa i Odda var eit av tiltaka som fekk støtte frå Norsk Forfattersentrums medlemsfond i februar. Her er Anna-Sabina Soggiu, Lotta Elstad, Sandra Lillebø og Sofie Marhaug på scenen for å snakke om kva den aukande ulikskapen gjer med samfunnet vårt. Fattigdom og auka sosial og økonomisk ulikskap var eit hovudtema på årets kvinnedominerte festival. Foto: Jarle H. Moe
Steinar Opstad på Drammen poesiklubb. Poesiklubben fekk 13 200 kroner frå Norsk Forfattersentrums medlemsfond i februar. Foto: Drammen poesiklubb.

Norsk Forfattersentrums medlemsfond deler ut støtte til å honorere forfattarar som er medlem av Norsk Forfattersentrum. Støtta skal utelukkande gå til honorar, ikkje til reise og opphald, eller leige av lokaler.

I førre søknadsrunde fekk heile 33 søkarar søknden sin innvilga. Blant dei litt større søknadene finn vi Lars Ove Seljestad som fekk 15 000 kroner til den politiske litteraturfestivalen Jernrosa, Mun Dajan som fekk 13 200 kroner til litterære arrangement under Riddu Riddu, Drammen poesiklubb som også fekk 13 200 kroner til sine poesikveldar og Elyas Poorgholam som fekk 15 000 kroner til persiske forfatterkveldar.

Totalt vart det delt ut nesten 300 000 kroner!

Alle tidlegare tildelingar finn du her.

Usikker på om ditt prosjekt er kvalifisert til å få støtte?

Medlemsfondet får alltid fleire søknader enn styret i Medlemsfondet har rom for å innvilge. Les derfor retningslinene nøye før du skriv søknaden.

Retningslinene finner du her.

Tre søknadsfristar i året

Medlemsfondet har tre søknadsfristar i året: 15. februar, 15. mai og 15. september.

Søk her!