15. mai 2025 sende Kunnskapsdepartementet pressemeldinga «Regjeringa vil styrke skulebiblioteka med 12 millionar». Pressemeldinga viste at regjeringa verkeleg har forstått kor viktig gode skulebibliotek er:
– Vi er svært bekymra for at barn og unge sine leseferdigheiter, lesevanar og haldningar til lesing har utvikla seg i negativ retning. Derfor set vi inn tiltak der dei verkar best, uttalte kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i pressemeldinga.
Kunnskapsministeren peika også på at skulebibliotek kan vere viktig for å jamne ut sosiale skilnadar:
– Ikkje alle barn veks opp i heimar med bokhyller fulle av litteratur. Eit godt skulebibliotek gir alle elevar ei moglegheit til å oppdage leseglede, bli flinkare til å lese og lære nye ting.
Sterke reaksjonar
Då regjeringa etter forhandlingar med SV og Senterpartiet la fram revidert nasjonalbudsjett i slutten av juni, var dei 12 millionane derimot borte. Reaksjonane let ikkje vente på seg. Aftenposten var raskt ute og tok opp saka på leiarplass med den hardtslåande overskrifta «De tar bøker fra små barn», og i ei lengre oppsummering av leselystarbeidet til regjeringa, skriv Kristin Linnesholm på barnebokkritikk.no: «Det er kronisk mangel på tverrpolitisk handlingsvilje i lesesaken generelt og i skolebiblioteksaken spesielt.» Linnesholm meiner «Politikerne burde skrote 'Leselyststrategien', og prøve igjen. På ordentlig denne gangen.»
Norsk Forfattersentrum har også uttalt seg gjennom Aksjon skolebibliotek, der vi saman med ei lang rekke andre litteraturorganisasjonar jobbar for å styrke norske skulebibliotek. Aksjonsgruppa publiserte før helga innlegget «Bibliotekmillioner forsvunnet!» på Bok365.
Men kor vart det av pengane?
Bok365 har tidlegare forsøkt å nøste i saka. Redaksjonen kontakta både Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, som viser til Arbeiderpartiet på Stortinget for spørsmål om forhandlingane. Frå Stortinget har Bok365 fått andre nestleiar i Utdannings- og forskningskomiteen, Elise Waagen (Ap), i tale. Vi kjem likevel ikkje så mykje nærmare kva prioriteringar som ligg bak å kutte dei ekstra skulebibliotekmillionane:
– I en forhandlingssituasjon må man gi og ta, seier Waagen til Bok365. – Arbeiderparti-regjeringen ønsket å bruke 12 millioner kr på skolebibliotekene, men fikk ikke flertall for vårt syn.
Norsk Forfattersentrum har forsøkt å få eit svar frå forhandlingspartia. Senterpartiet har foreløpig ikkje svart, medan SVs pressekontakt for familie og kultur, Kathy Lie, svarar at dette var eit kutt SV verken ønska eller foreslo: «Dette var regjeringens ønske om omprioritering.»
Inntil vidare må vi med andre ord, som Aftenposten skriv på leiarplass, håpe på at kommunane tar ansvar sjølv:
Oppfordringen må derfor gå til kommunene, som nå får mer penger. De må ta det ansvaret de har. Bruk mer penger på bøker som kan gi leselyst og leseglede til barn uansett om de kommer fra et hjem fullt av lesestoff eller ei. Bedre ballast enn leseglede kan de knapt få.
– Frå leiaren De tar bøker fra små barn i Aftenposten 20.06.2025:
Les også: