Ålesund litteraturfestival vart starta i 2022, og har på rekordtid etablert seg som ein stor suksess. På scena i år kunne fullsette salar blant anna oppleve lokale forfattarar som Charlotte Riise, Aina Basso og foreiningsleiar Bjørn Vatne, men også ei rekke tilreisande forfattarar som Birger Emanuelsen, Frederik Svindland, Frode Grytten, Kaja Gjersem Nygaard, Jørn Lier Horst, Trude Teige, Brynjulf Jung Tjønn, Anna Fiske, Nils-Øyvind Haagensen, Maria Navarro Skaranger, Pedro Carmona-Alvarez og Erika Fatland.
Må snu i døra

Avdelingsleiar for Midt-Norge-kontoret, Siri Aurland Bredesen, sit i styret til festivalen og oppsummerer:
– Festivalen har frå starten av vore ein megasuksess. Også i år vart det mange fulle salar, lange ventelister og folk som har måtte snu i døra utan billett, trass i at den største salen tar 500 publikummar. Snakk om luksusproblem!
Bredesen fortel at fleire av dei tilreisande poetane som har delteke på festivalens poesipub sidan oppstarten, seier at dei aldri har lest for så mange tilhøyrar. Ein stad mellom 200 og 300 løyser billett til desse arrangementa.
Breitt samarbeid
Festivalen er eit samarbeid mellom Ålesundsbiblioteka, Parken kulturhus, Norli i Ålesund, Borgund mållag, forfattarar og eldsjeler, samt altså Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Bredesen trur den breie samansetninga av aktørar bak festivalen, har vore ein viktig suksessfaktor:
– Saman har vi mykje ulik kompetanse og eit breitt kontaktnettverk. Norsk Forfattersentrum har til dømes bidrege system for prosjektleiing og festivalplanlegging som har vore viktig for ein god struktur bak moroa.
Bredesen legg til:
– Eg har lærd at om ein gjer ein ting tre gongar, er det som tradisjon å anse. No kan vi dermed kalle Ålesund litteraturfestival ein tradisjon!