Nysgjerrig på kva Amediastilfelsen vil med Aschehoug?

Dagleg leiar i stiftinga, André Støylen, kjem til Norsk Forfattersentrums bransjeseminar for å presenterer bakgrunnen for oppkjøpet og målet med eigarskapen.

Dagleg leiar for Amediastiftelsen André Støylen. Foto: Amediastiftelsen.

Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2026 blir arrangert på Brød & Sirkus i Oslo onsdag 25. og torsdag 26. november. Programmet løftar ei rekke hyperaktuelle problemstillingar frå nettopp oppkjøpet av Aschehoug, til KI i litteraturen og lesing i skulen og arbeidslivet.

KI og Kulturrådet

For nokre veker sidan kom Kulturrådet med nye retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i bøker som kan kjøpast inn til biblioteka. Rådsmedlem i Kulturrådet (og vinnar av Nordisk råds litteraturpris!), Sigbjørn Skåden, stiller på seminaret og gir bransjen ei oppdatering på endringane i litteraturordningane.

Meir KI-diskusjon blir det i panelsamtalen mellom administrerande direktør i Cappelen Damm, Sarah Willand, generalsekretær i NFFO, Cathrine Sandnes, forfattar Håkon Øvreås og fysikar Anders Malthe-Sørenssen. Sistnemnde leiar Malthe-Sørenssen-utvalet som skal vurdere korleis høgare utdanning blir påverka av utviklinga av kunstig intelligente teknologiar.

Kommersialisering av bokbransjen

Sigrid Bonde Tusvik kjem til BLU for å snakke om influensarar  i bokbransjen. Foto: Kagge Forlag

Kjendisar og influensarar får ein stadig sterkare påverknad inn i bokbransjen. Kva betyr det for den kritiske litterære offentlegheita? Går det på kostnad av kritikarane sin posisjon? Kva tener kjendisane og influensarane på å halde seg med bøker, og kven betaler for denne promoteringa?

Komikar og forfattar Sigrid Bonde Tusvik, forfattar og programleiar Linnéa Myhre og Arne Borge, bokansvarleg i Morgenbladet, kjem til Brød & Sirkus for å svare og diskutere.

Rykande fersk biblioteksstatistikk

Frå sommaren 2026 gir brukarundersøkinga for biblioteka ein samla statistikk for heile landet. Tala gir ny og utfyllande kunnskap for bransjen, og fortel kva folk faktisk les, og kva som utløyser nytt utlån av gamle bøker, til dømes korleis TikTok påverkar lånemønsteret. Torsdag 26. november får deltakarar på årets BLU presentert statistikken og det blir panelsamtale om kva tala seier oss med blant andre Ana Leticia Sigvartsen som har vore ansvarleg for NRK sitt prosjekt Boktober.

Festkveld

Tore Renberg vart intervjua av Karl Ove Knausgård under De Litterære Festspill i Bergen i 2025. 25. november er det derimot Petra Renberg som skal intervjue far sin på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Årets bransjeseminar byr også på eit stjernespekka kunstnarisk program. Kvelden onsdag 25. november møtest vi i Wergeland-salen på Litteraturhuset i Oslo. Her blir Tore Renberg intervjua av dottera Petra Renberg, Marte Michelet og Ida Hegazi Høyer møtest til ein samatale med overskrifta «Min far er sterkare enn din», og Linn Ullmann inviterer til Knytkalas.

PS. Medlem i Norsk Forfattersentrum?

Vi tjuvstartar årets BLU med eit inspirerande og nyttig seminar om pensjon onsdag 24. november.

Spørsmål til saken

Kontakt:

Sissel Kristensen

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.