Onsdag 25. november arrangerte Norsk Forfattersentrum med finansiering frå Kopinor, Den Norske Forleggerforening og Fritt Ord, første av to seminardagar på Brød & Sirkus i Oslo. Forfattarar, forleggarar, journalistar og representantar frå både arbeidslivet og litterære organisasjonar var på scena for å diskuterte problemstillingar som oppkjøpet av Aschehoug, KI i litteraturen og lesing i skulen og arbeidslivet.
– Aller helst i kveld!
Forfattar Erika Fatland snakka om forteljingas kraft, og opna med å lese frå og fortelje om arbeidet med Ukraina - en vinterreise. Fatland viste også bilde og fortalde om arbeidet med debutboka Englebyen - historier fra Beslan, Sovjetistan - en reise gjennom Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan og Sjøfareren - en reise gjennom Portugals tapte imperium, før ho avslutta med ein kulturpolitisk plot twist:
Alle reisene, all researchen publikum fekk presentert i foredraget, kostar, og det er forfattaren som i stor grad tar den økonomiske risikoen. Fatland peikte på økonomiske forskjellar mellom sakprosaforfattarar og skjønnlitterære forfattarar, både når det gjeld stipend og normalkontrakt, men først og fremst innkjøpsordning. Ho understerka at målet sjølvsagt ikkje er å ta noko frå dei skjønnlitterære forfattarane, men at sakprosaforfattarar skal få like gode vilkår. Fatland kalla innkjøpsordninga for sakprosa eit lotteri, viste fram gode bøker som ikkje er kjøpt inn til biblioteka, og meinte den økonomiske usikkerheita innkjøpsordninga førerer med seg, har ført til at normalkontrakten for sakprosa gir forfattarane dårlegare vilkår enn dei skjønnlitterære får i sin kontrakt.
Fatland avslutta foredraget med ei bøn om at dette må fiksast i hennar levetid:
– Men aller helst i kveld!
Lesekultur i arbeidslivet
Lesekultur for vaksne stod sjølvsagt også på BLU-programmet. Åslaug Magnusson, fagsjef for kultur og likestilling i arbeidsgjevarforeininga Spekter, fortalde om arbeidet med lesing i arbeidslivet.
Magnusson hadde meg seg tre tal ho bad publikum hugse:
- 525 000 vaksne er svake lesarar
- 34% av 15-åringane våre er svake lesarar
- 260 milliardar kroner har Spekter rekna seg fram til at dei svake PISA-resultata kan koste samfunnet

Hovudpoenget til Magnusson var at desse tala ikkje berre er eit skule-problem, men like mykje eit problem for arbeidsgivarane Spekter representerer.
– Arbeidsgivarane treng tilsette som kan finne og sortere informasjon, fordjupe seg, konsentrere seg, kommunisere og samhandle, og som er kreative, lista Magnusson opp, og meinte innføringa av kunstig intelligens gjer desse eigenskapane viktigare, ikkje mindre viktige.
– Lesing er derfor ikkje ei forhandlingssak, men framstår som eit samarbeidsprosjekt mellom alle partane i arbeidslivet.
Spørsmål til saken
Kontakt:
Atle Berge







