Innmeldingsfrist DKS Midt-Norge

Har du lyst til å reise på turné i Den kulturelle skulesekken i Midt-Norge? Innmeldingsfristen er 1. oktober. Både Trøndelag fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Trondheim kommune har elektroniske innmeldingsskjema.

Ta gjerne kontakt med oss i Norsk Forfattersentrum om du har lyst til å diskutere idear eller ynskjer innspel! Fylka i Midt-Norge har ikkje rapportert om spesielle satsingar for neste skuleår, men Bokåret 2019 har fokus på leselyst, så kanskje det er verdt ei feiring? Vi håpar på mange gode og spennande innmeldingar!

Trøndelag fylkeskommune (grunnskulen og vgs.)
Informasjon og innmeldingsskjema: Innmeldingar til Trøndelag
Kontaktperson for grunnskulen: Anna Josefine Kvaløsæter, tlf. 414 99 458, annkv@trondelagfylke.no
Kontaktperson for vgs.: Henning Lystad, tlf. 402 28 149, henly@trondelagfylke.no

Møre og Romsdal fylkeskommune (grunnskulen og vgs.)
Informasjon og innmeldingsskjema: Innmeldingar til Møre og Romsdal
Fylket ynskjer seg fleire søknader innan litteratur. Dei etterlyser spesielt produksjonar for 1.-4. trinn.
Fylket har som krav å sjå produksjonen før dei tilbyr turné, difor kan det vera aktuelt å ordne ei prøvevisning.
Kontaktperson: Camilla Wiik, tlf. 71 28 03 09

Trondheim kommune (grunnskulen)
Informasjon og innmeldingsskjema: Innmeldingar til Trondheim kommune
DKS Trondheim kommune leiter spesielt etter forfattarbesøk for 1. trinn (lesestund på biblioteket) og 5. trinn.
Kontaktperson: Guri Krog Dodig tlf. 72548811

Innmeldingsfristar i resten av landet finn du her: Innmeldingsfristar

Kontakt
Martin Ingebrigtsen, formidlingskonsulent, tlf. 21 09 57 71
Guri Sørumgård Botheim, avdelingsleiar, tlf. 21 09 57 70 / 970 31 624
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

Foto: Hjørdis Linnéa Myhre

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene