Velsmakande valgflesk frå regjeringa

Arbeiderpartiet vil bruke minst éin milliard kroner på å styrke leseevnene til norske elevar. Norsk Forfattersentrum jublar for at regjeringa gjer lesing til ei viktig valkampsak, men savnar dei vaksne lesarane i satsinga.

«Norske barn skal bli verdens beste lesere», lova regjeringa i ei pressemelding sendt ut 28. juli. «Arbeiderparti-regjeringen vil bruke én milliard kroner ekstra sammenlignet med i dag på å løfte leseferdighetene til norske elever.»

Satsinga vart lansert på Deichman Tøyen med både arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på scena, i tillegg til statsminister Jonas Gahr Støre. Statsministeren fortalde at over 15 000 barn kvart år går ut av grunnskulen utan å kunne lese skikkeleg. Det er med andre ord, slik ein samla litteraturbransje har ropt høgt om i fleire år, behov for kraftfulle tiltak.

Regjeringa sitt svar er altså éin milliard lesekroner, samt ei liste med fem hovudtiltak:

1. Elever på alle klassetrinn skal lese minst 15 minutter hver dag: Å bli god til å lese krever mengdetrening. Når barn og unge leser mindre i fritiden, må de lese mer på skolen.

2. Flere bøker:
Barn og unge skal få tilgang til flere fysiske skolebøker, skjønnlitteratur og faktabøker, både som klassesett og i skolebiblioteket.

3. Mindre skjermbruk for de minste:
De yngste elevene bør i større grad bruke fysiske lærebøker, fremfor nettbrett.

4. Intensivopplæring i lesing
: Elever på alle trinn som strever med lesing skal få rask og tilpasset hjelp når de møter utfordringer.

5. «Hele Norge leser» – ny lesestrategi:
Regjeringen vil sette ned en lesekommisjon som skal lage en ny lesestrategi for Norge, og blant annet gi en felles nasjonal anbefaling om hvilke metoder som gir barn best begynneropplæring i lesing på norsk.

– Superfornøyd, men

Dagleg leiar for Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, på høyring i Stortinget. Foto: Norsk Forfattersentrum, Arkiv

Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, fortel at responsen til den lova lesemilliarden har vore litt avventande i bransjen. Herzog sjølv, er også både begeistra og avventande:

– Først og fremst er Norsk Forfattersentrum superfornøyde med at regjeringa tenker så stort om barn og lesing, men heile befolkninga må med i satsninga! Norge har eit akutt behov for ein plan for vaksne som fell utanfor fordi dei ikkje kan lese. Då er det svært gledeleg å sjå at også arbeids- og inkluderingsministeren stiller på pressekonferanse om lesing, sjølv om kraftulle tiltak retta mot vaksne lesarar førebels manglar.

Lesekomisjon

Herzog lover at Norsk Forfattersenturm står klar på startstreken dersom det kjem midlar til tiltak for vaksne.

– Vi noterer oss også at regjeringa ønsker å setje ned ein lesekommisjon som skal lage ein ny lesestrategi, og meiner Norsk Forfattersentrum har ein naturleg plass i dette arbeidet.

Statsministeren oppfordrar vaksne til å lese meir

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna, statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun lanserer lesemilliard på Deichman Tøyen.

Sjølv om Norsk Forfattersentrum savnar tiltak for vaksne i lesearbeidet til regjeringa, er ikkje dei vaksne heilt gløymt av ministrane:

– Vi sender samtidig veldig klare budskap til foreldre – og la meg legge til besteforeldre – at de leser for og med barna; det er utrolig viktig for å alminneliggjøre dette, sa Jonas Gahr Støre då regjeringa la fram satsinga på Deichman Tøyen.

– Vi har også notert oss at statsministeren har hatt eitt innlegg om lesing på trykk i fleire aviser, fortel Herzog. – At Arbeiderpartiet gjer lesing til ei så stor valkampsak, er ei glede i seg sjølv, og vi utfordrar dei andre partia til å følge etter. Kva parti blir det første som kjem med ein seriøs lovnad om full bemanning av norske skulebibliotek, eller ein milliard til lesetiltak i arbeidslivet?

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene