Stipendet skal gå til ein kunstnar som nyttar nynorsk i arbeidet sitt som forfattar, dramatikar eller formidlar. Det skal vere med og syne fram nynorsk som språk og som kulturberar, og det skal delast ut årleg, skriv fylkeskommunen på nettsidene sine.
Bakgrunnen for nynorsksstipendet er tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse. Som heimfylke til Fosse ønskte Vestland å heidre forfattaren og gjer det no i form av dette stipendet.
Kven kan få stipendet?
Nynorskstipendet blir lyst ut nasjonalt, men den som får det må ha tilknyting til Vestland gjennom arbeidet eller kunsten sin. Stipendet kan gå til forfattarar, dramatikarar og formidlarar av nynorsk litteratur og forfattarskap i tekst og på scene.
Kven kan nominere kandidatar til stipendet?
Alle kan nominere kandidatar til stipendet. Det er også høve til å nominere seg sjølv.
Nominér ein kandidat på nettsidene til Vestland fylkeskommune!