Honorarutbetalingane stupar

Norsk Forfattersentrum utbetalte i mai 1,7 millionar kroner i honorar til forfattarar. Det er ein nedgang på over 2,5 millionar kroner, eller 60 %, frå 2019. Talet på oppdrag er halvert, frå 1183 i mai 2019, til 619 i mai 2020.

Inkludert i dei 1,7 millionane som vart utbetalt i mai, er honorar for avlyste oppdrag i Den Kulturelle Skolesekken. Hadde fylka latt vere å betale for avlyste oppdrag i vår, ville krisa for enkelte forfattarar med andre ord vore endå større. Dette gjer oss urolege for framtida: Vi har ingen garanti for at oppdragsgivarane vil vere like generøse dersom det skulle komme nye avlysingar til hausten, og vi ser allereie at mange oppdragsgivarar naturleg nok er usikre på korona-situasjonen resten av året.

Har lite utbytte av tiltaka

Mange forfattarar har hatt lite nytte av kompensasjonsordninga for tapt næringsinntekt. Dette gjeld spesielt dei som har tapt på avlyste oppdrag våren 2020, men som har hatt lite inntekt i 2019 (som er grunnlaget for utrekninga av kompensasjonen).

Kor vanskeleg mange har hatt det dei siste månadene, fekk Forfattersentrum dokumentert då vi i førre veke lyste ut mindre trekkfrie bidrag som utelukkande skal gå til å betale uteståande rekningar. Langt fleire forfattarar enn vi har moglegheit til å hjelpe har søkt, og alle er i ein svært pressa økonomisk situasjon.

Styreleiar i Forfattersentrum, Alfred Fidjestøl, og dagleg leiar, Ingvild Christine Herzog, var torsdag i møte med Kulturdepartementet mellom anna for å oppdatere dei på situasjonen og foreslå tiltak.

Koronastipend

Forfattersentrum og dei andre kunstnarorganisasjonane var svært glade då Kulturdepartemententet lova 100 millionar til ekstra "koronastipend" like før pinsehelga. Ei hake ved tiltaket er at stipenda av administrative årsaker ikkje vil vere klare til utbetaling før tidlegast i september, medan mange forfattarar allereie er i ei økonomisk krise. Pengane vil heller ikkje nødvendigvis gå til dei som treng dei mest, men skal delast ut utelukkande basert på kvalitetsvurderingar.

Redd ordene!

Talet på registrerte oppdrag til hausten viser at også det neste halvåret vil blir vanskeleg for mange forfattarar. Eit anna uromoment for forfattarane, er at royalty alltid blir utbetalt i mai året etter salet fann stad. Det synkande boksalet våren 2020, blir med andre ord ikkje merkbart før våren 2021.

Forfattersentrum ønsker derfor å halde fram med å hjelpe dei av forfattarane som har det aller vanskelegast med mindre summar til straum, husleie og andre elementære utgifter. Vil du støtte solidaritetsfondet vårt, søker du opp «Redd ordene!» i VIPPS-appen (nummeret er 597454).

100 % av pengane som blir samla inn går til å støtte utøvarane.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.