Har du fått med deg dette?

Koronaviruset kom til Norge veka vi ferdigstilte årsmeldinga for 2019, og førte blant anna til eit annleis årsmøtet. Under har vi samla fleire gladsaker som kanskje har drukna litt i anna informasjon dei siste vekene.

Anna Fiske skremmer barn under ÆÅ Trondheim litteraturfestival. Bildet er henta frå årsmeldinga for 2019. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Ny styreleiar

Vi håpar alle har fått med seg at Alfred Fidjestøl er ny styreleiar i Norsk Forfattersentrum. Les meir her!

Nytt forfattarlandslag

Forfattarlandslaget har vore eit mykje debattert tema på årsmøtene til Norsk Forfattersentrum dei siste åra, og i 2019 vart Det nye forfatterlandslaget stifta. Begge forfattarlandslaga har levert svært underhaldande årsrapportar du kan lese her:

Vårbøker frå Nord-Norge

Avdelingskontoret i Tromsø har laga ein folder der dei presenterer vårens bøker frå Nord-Norge. Bli kjent med våre mest aktuelle medlemmer frå Nord-Norge her!

Årsmeldinga 2019

Medan 2020 har bydd på store utfordringar for både verds- og kunstnarøkonomien, var 2019 det siste i ei rekke rekordår for forfattarane som er medlem i Norsk Forfattersentrum. Då året var omme hadde 882 forfattarar vore ute på10 516 oppdrag, og fått utbetalt over 42 millionar kroner i honorar.

Webinar om skatt og kunstnarøkonomi

Seanse – senter for kunstproduksjon i Volda arrangerte i samarbeid med Norsk Forfattersentrum Midt-Norge eit webinar om kunstnarøkonomi og sjølvmeldinga 17. april. Leiar i Norsk Skuespillerforbund, Knut Alfsen, og advokat Harald Breivik, orienterte om regelverket rundt skatt, kva og kor mykje du bør og kan skrive av på sjølvmeldinga. Webinaret ligg framleis ute på nett: https://seanse.no/?arrangement=webinar-kunstnarokonomi-sjolvmelding

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.