Æ Å sin favoritt-lyrikkdebutant 2015-2016

For femte gong kårar Æ Å Trondheim litteraturfestival sin favoritt blant lyrikkdebutantane. I forkant av festivalen i 2017 las det kunstnariske rådet alle dei norske diktdebutantane frå 2015 og 2016. Vi hadde som mål å finne ei debutbok som skilde seg spesielt ut. Valet fall på Noo gode gnu av Solveig Mette Tjeltveit.

Foto: Tove K. Breistein

Noo gode gnu er ei original diktsamling der Gnu er den sentrale gjennomgangsfiguren. Noo er swahili for gnu. Noo er Gnu sin lyd. Stemma i boka endrar seg mellom dikta, den er rytmisk og syngande og kan ta bustad i kva og kven som helst. I denne ville skogen bur både Gnu, Gud og jente, og over himmelen fyk ein gut. Her eksisterer ulike mytologiar side om side, figurar skiftar form, lammet leiker ved sida av løva og mangroven veks under bjørka. Dikta er overraskande og temperamentsfulle, og fulle av latter og gråt. Solveig Mette Tjeltveit (f. 1969) bur i Bergen og er utdanna gartnar. I tillegg har ho litteratur-, skrivekunst-, kunsthistorie- og psykologistudium bak seg.

Utdrag frå juryen si grunngjeving:

Noo gode gnu rommar gråt og latter, rop og kviskring, leik og djupt alvar. Ofte kjem alt dette til uttrykk i eit og same dikt. Det gode språket balanserer alle kjensleinntrykka og byr på rytmar og klangar som sit godt i munnen. Dette er dikt som tigg om å bli lesne høgt, bli høyrt som song, opplevast spontant, som reint språk, lenge før meininga når oss. Dikta snakkar om det å vite og å sjå, om tilhøvet mellom språk og røynd, om menneske og dyr, om sorg, Gud, liv og død – alle desse store orda som vi sjeldan vågar oss inn i. Tjeltveit sett dei store orda i spel, dei tek ny former, overraskar, grip fast og slepp tak i dikt etter dikt. Noo gode gnu er ikkje berre ei særleg god debutbok, den er ei av dei aller beste diktbøkene som har kome ut i seinare år.

Vi gratulerer Solveig Mette Tjeltveit!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.