Eit liv på kanten mellom kvardag og dikt - ein monografi

Ola Jonsmoen, no i sitt 92. år, deler minne frå dei åra han har levd. Han tenkjer seg at det han har skrive er ei slags personleg krønike med handgripelege fakta og mange minne. Han har byrja med sitt år null, og avslutta 90 år etterpå. Ola har vore einebarn, og er prega av det. Kanskje er det forklaring på korleis åra har lirka seg fram med hyppig nordavind og livsens tverrkast og rundkast.

I boka har han skrive om hybelliv, skulegang og studieår, tida som lektor og rektor, debattant og kåsør. Han fortel om kjærleik, samliv og generasjonar i ei heimgrend som óg er midt i verda. Men framfor alt ser han attende på eit breitt forfattarskap med bøker i alle sjangrar - innpå 90 i alt.